Om Lektor Laberg

Mitt namn er Joachim Laberg. Eg er utdanna medievitar og jobbar for tida som lærar ved Nordahl Grieg vidaregåande skule. Eg har tidlegare jobba som journalist i Sogn Avis og som vit. ass. ved Universitet i Bergen. For meg har desse jobba det til felles at det handler om å fortolking og formidling. Eg er vel ein slags ytringsfridomsfundamentalist, som meiner at absolutt alt kan og skal diskuterast (på ein skikkeleg måte, vel å merka!), at kunnskap skal delast med flest mogleg og ikkje bli hindra av ideologiske murar, og at det å kunne reisa og drøfta ulike problemstillingar har stor verdi i seg sjølv.

Denne bloggen må lesast som nok eit fortolknings og formildingengasjemnet. Eg trur og vonar at bloggen vil utvikla seg i takt med mi eiga utvikling, og kanskje eg motseier meg sjølv ved fleire høve. Det er ok. For ingen ting er skrive i stein, og alt handlar om refleksjonane.

Men så spør eg meg sjølv: Kvifor skal mine tankar og refleksjonar offentleggjerast på ein blogg? Burde ikkje eg, som fagmann, halda kjeft til eg har gjort store, fagfellevurderte, empiriske studie? Kanskje eg burde det. På den andre sida har eg stor gelde av å lesa andre sine tankar og refleksjonar. Særleg dei som klarar å tilføra ein debatt nye perspektiv, og som ser fargar og nyansar der andre ser svart og kvitt. Eg ynskjer å vera ein slik type, og dette er mitt forsøk.

Sjølv om eg bloggar om mitt profesjonelle liv, er bloggen eit personleg prosjket.

Og ja, eg har dysleksi. Så det forvent nokre skrivefeil…

Velkommen til Lektor Labergs Grublerier

Sjekk også ut mine twittringar!

Ein tanke på “Om Lektor Laberg

  1. Ikke alle hyler om brudd på ytringsfrihet og demokratiske rettigheter. Jeg, for eksempel – sier takk for ryddig argumentasjon og voksen holdning til unge venstres legaliseringskampanje.

Kommenter innlegget