Når retorikk, demokrati og medborgarskap vert noko som angår elevane direkte, kan det sikkert svi litt. Men eg meiner det er verdt det.
For nokre veker sidan var det revy her på skulen. På fremste rad sat representantar frå to av mediehusa her i Bergen: Stor BT og vesle, lokale NGVmedia. Begge konkluderte med at det dei såg hadde fleire gode kvalitetar. Men rusk vart påpeika og kunstnariske svakheiter vart løfta fram.
Naturleg nok kom det reaksjonar frå revyen. Dei hadde jobba knallhardt og var stolte av produktet ditt. Dei følte seg difor urettvis handsama av pressa. Sterkast gjekk det utover lokale NGVmedia som dei meinte bygde kritikken sin på fleire faktafeil.
Reaksjonane fylte kommentarfeltet på Facebook kvelden etter.
Eg ba difor revykritikarane om å laga ein ny podcast der dei svarte på kritikken og problematiserte korleis ein samfunnskritisk aktør som revyen ikkje sjølv toler kritikk. Og så oppmoda eg revyen om å svare på dette i eigen podcast.
Kvifor gjorde eg dette? I fremste rekkje fordi mediehuset NGVmedia er eit ypparleg fagdidaktisk verktøy. Med det sosiokulturelle læringssynet vi som skule har forplikta oss til, er det viktig at opplæringa inneheld same type sosiale praksisar som det opplæringa skal førebu elevane på. Sagt på ein anna måte: det held ikkje å berre lesa om journalistikk dersom du skal læra å vera journalist. Du må også praktisera handverket. I praksis vil det då seie å være aktuelle, ta utgangspunkt i ekte hendingar, arbeida etter nyheitskriteria og Ver varsam-plakaten og vera ein ekte arena for ekte debattar, om ekte saker med ekte deltakarar og eit ekte publikum.
Men også fordi alle har godt av å reflektera rundt spørsmålet om korleis ein kritisk aktør opptrer i offentlegheita. Og kanskje særleg når denne aktøren er ein institusjon – som både revyen og NGVmedia her.
For nokre kan dette sikkert verka som som ikkje-naudsynt konflikteskalering. Men eg meiner det vil vera å undervurdera læringspotensialet i det heile.
Dette handlar jo ikkje berre om elevar som krangler. Eller om revy-elevane mot ngvmedia-elevane, sjølv om det nok kan kjennast litt slik ut for dei som står midt i det. Det handlar mykje meir om NGVmedia som ein arena og ein aktør i offentlegheita. Det handlar om å diskutera kritikk og fakta, og kritikaren si rolle i møte med ein lokal revy. Og det handlar om å måtte konstruera og formulera saklege argument i ein debatt som kjennes nær og viktig.
Eg møtte ein elev frå revyen som hadde lytta til den kritiske podcasten. “Kjempebra podcast” sa ho ironisk. Men eg godtok ikkje kritikken formulert på den måten der. Eg ba ho utdjupe og forklare. Det enda i ein podcast, og ein langt meir nyansert og sakleg kritikk enn den ironiske utblåsinga som fyrst vert presentert. (eleven har godkjent at eg bruker anekdoten).
No har eg bedt elevane mine arrangera Revy-debatt i Biblioteket, og spørsmåla vi stiller er mellom anna kva for type samfunnkritisk aktør NGVmedia skal væra, kva vi som lesarar skal kunne forvente av ein anmeldar og kor mykje kritikk ein revy som sjølv er samfunnskritisk må tåle.
Og kravet for alle deltakarene har vore at debatten skal vera saklef.
Ein kan seia at dette er å mjølka dei siste dråpane av ei utgått sak. Eller ein kan seia, som eg gjer, at dette er eit godt høve til å praktisera demokrati, medborgarskap og retorikk.
Hei, skikkelig bra, jeg er enig i at i skolen, ja i alle skoleslag, skal en bruke det en kan til å videreutvikle kritisk sans og kritisk refleksjon hos elevene/studentene. Relatere erfaringer til teori er en utmerket måte å lære på!
Veldig bra opplegg du legger opp til her☺