Debatt i elitens avlukker

Vi har eit problem når samfunnsdebatten blir flytta inn i halvopne forum, samstundes som aviser legg ned kommentarfelta.

Blaa laas
Foto: Petr Šmerkl, Wikipedia. Redgiert blå med kvit F: Joachim Laberg. Lisens: Attribution ShareAlike 3.0

I ein kombinasjon av flaks, tilfeldigheiter og medvitne handlingar har eg blitt Facebook-vener med/byrja å følge einskilde personar som godt kan reknast som ein del av samfunnseliten i Noreg (elite tyder her på både opinionsleiarar óg mediefolk).

Det har vore både interessant og urovekkande.

Interessant fordi på FB-veggen til denne eliten føregår det daglege spanande meiningsutvekslingar. Og når folk har meir enn hundreogtwitter tal teikn å ytrykka seg på, blir det også (som regel) betre diskusjonar av det. Mendersom viktige debatter flytter seg inn i mindre tilgjengelige fora, samstundes som dei tilgjengeliga fora forsvinn, kan mange bli ekskludert frå viktig informasjon.

Men lat oss ta det interessante fyrst.

Når eg sjølv deler eit politisk innlegg, t.d. eit blogginnlegg som dette, får eg kanskje 8 likes. Dei sju fyrste er venner som er over gjennomsnittet interessert i spørsmåla eg deler. Den siste er tanta mi, som liker alt. Har eg skrive noko skikkeleg bra, får eg kanskje 20 likes, og eit par-tre delingar. Men eg får ingen kritiske innvendingar. Ingen.

Når samfunnseliten skriv noko politisk/ideologisk på Facebook, er det ofte full baluba. Masse likes, masse kritiske innvendingar, masse delingar, masse utskjelling. Og sjølv om dei som kommenterer altfor ofte framstår som unynasert, stråmannsorientert og godt kunne ha opdatert seg på argumnetasjosnlogikk, er summen av kommentarane verdifulle på grunn av mangfaldet av perspektiv og poeng som kjem fram.

Blant dei sidene eg har innsyn i har nok Kjetil Rolness dei mest interessante debattane (sjølv om trådstartar for ofte er for polariserande). Her deltek universitetsprofessorar, mediefolk og average Joes (så vidt eg kan sjå) i same debatten – altså alt det kommentarfeltet i nettaviaene skulle vera, men ikkje blei.

Alle burde lese dette, tenker eg ofte. Men alle gjer ikkje det.

Sjølv om desse Facebook-sidene teknisk sett er opne for ålmenta, gir ikkje «følg-knappen» retten til å kommentera. Og sjølv om det nok er mogleg å koma seg inn i det gode selskap vha ein ein venneførespurnad (eg har ikkje inntrykk av eliten er spesielt ekskluderande), så må ein vita kva selskap ein vil vera med i.

Samstudes ser eg at det (t.d. på nemde Rolness sin vegg) blir referert til debattar eller fråsegn frå andre aktørar sine Facebookvegger. Aktørar som eg sjølv ikkje følger. Konsekvensen er at eg får eit ufullstendig bileta av debatten utan å utvida venne/følge-lista mi. Det høyres jo rimeleg enkelt ut. Men det er ikkje nøvendigvis det.

Det er nemleg slett ikkje openbart kva for aktørar i norsk offentligheit det er lurt å følga, og konsekvensen blir at det føregår viktige samtalar på stadig fleire, ulike arenaer, utan at folk får det med seg.  Og det gjer det heile problematisk.

I normativ offentligheitsteori vert slike tendensar omtalt som ei uheldig fragmentering av offentlegheita. Altså ei motsetning til ideal om ein felles samtale. Lik tilgang til informasjon (herunder innsikt i, og moglegheit for deltaking i debattar) er noko som bør etterstrebast. Både med tanke på å skapa eit felleskap med felles (medie)opplevingar, men også for å hindre auka klasseskiljer. Dersom dei store samfunnsdebatten i aukande grad finn stadpå eliten sine Facebook-sider, og ikkje i avisene sine debattsider/kommentarfelt, vil vi få meir fragementering.

Men så kan ein spørja: nyttar vi borgarar dei arenaane vi har, godt nok?

Nei, vi gjer jo ikkje det. Frå medieforskinga veit vi at sosiale medier til dels er dominert av ein høgrøysta og bombastiske minoritet, og dei meir nynaserte røystene (t.d. ekspertar) skygger bana (sjå t.d. Enjolras et al 2013 og Yttringsfridomsrapporten). Og sjølv om det har vist seg å vera lite hald i narrativet om det hatefulle kommentarfeltet, er det hatet som er der alvorleg nok til at mange vegrar seg for å delta.

Det er såleis forståeleg at samfunsdebatten flytter seg inn i fleire ulike og mindre tilgjengelege fora. Sjølv føretrekk eg å diskutera i lukka, private rom, av nettopp dei ovenemnde grunnane, med mindre eg har god tid til å formulera meg (som her). Dessutan er det er utvilsomt positivt å kunne setja dagsorden for debattane sjølv, og ikkje måtte forholde seg til mediene sine nyheitslogikkar med krav om aktualitet, sensasjon og konflikt.

Men ein slik praksis er likevel problematisk, særleg dersom det skjer parallelt med ein nedrustning av debattfunksjonane til nettavisene.

Seier eg at samfunnseliten difor skal slutta å bruka eigen Facebook-veggar til viktig samfunnsdabett? Nei, for i vårt samfunn har vi alltid hatt debattar i rom med varierande grad av openheit, og det finns jo meningsberande aviser som nettopp rettar seg mot bestemte samfunnslag, og ikkje heile offentlegheita. Det er ikkje slik at alle debattar skal, eller bør føregå i store og opne fora. At alle skal ha innsyn overalt, er ein utopi. Og det er heller ikkje slik at eg fryktar at dei tradisjonelle mediene skal slutta å gi oss dei viktige debattane.

Nei, det eg seier er at det er problematisk om vi beveger oss mot ein praksis der dei levande debattane flyttar ut av nettavisene og inn i halvopne rom der ein må vita om, og følgja ei rekkje ulike einskildpersonar frå samfunnseliten for å kunne sjå og vera med i viktige meningsgbrytande samtalar med brei deltaking.

Kommenter innlegget