Maktkritikaren sin blindskap

Journalistar må forstå at ikkje all makt kjem i svarte bilar

blinded

Fyrst publisert i Aftenposten, 22. november 2016.

Det handla om familie, likestilling og feminisme, og denne gongen byrja det med at Sylvi Listhaug skreiv eit blogginnlegg. I bloggen retta ho kritikk mot det ho opplevde som moralistisk makt, representert ved ein “feministelite på venstresida”, og som vanleg når vi har å gjere med stikkord som feminisme, moral, familie og Sylvi Listhaug, var vegen kort til radioen.

I Politisk kvarter på NRK vart Listhaug konfrontert med paradokset at statsråden, som openbart sjølv tilhøyrer ein elite, kunne vera eit offer i ei slik samanheng.

“Du kom jo her i dag i svart bil. Du har livvakter utanfor her. Du har rådgjevarar utanfor her. Kva er det som gjer at du ikkje er elite”, undra journalisten. Begge partar har eit poeng. Men Listhaug sin observasjon er den mest interessant fordi den rører ved eit saksområde som journalistar vanlegvis er blinde for. Og blindskapen var ikkje mindre framtredane i dette tilfellet. For all makt kjem ikkje i svarte bilar, og det må journalistar blir flinkare til å forstå.

Ein del av pressa sitt samfunnsoppdrag er å vera kritiske, og maktkritikk er både ein føresetnad for, og ein indikator på, eit velfungerande demokrati. Politisk makt er difor viktig å kritisera. Men det er også lett å kritisera politisk makt fordi ho er så lett å få auge på. “Sjå der, akkurat der er makta”, kan vi seia om både politikarar, byråkratar og næringslivstoppar.

Men så finnes det makt som er vanskelegare å få auge på. Som ikkje finnes i eit register, som ikkje har eigne bygg eller logoar, som ikkje er tydeleggjort med eit bestemt tittel, men som likevel kan ha stor innflytelse. Denne makta kan forvaltas av dei same som har meir “synleg” makt, men den kan også forvaltas av heilt andre aktørar. Kommentator i Stavanger Aftenblad Sven Egil Omdal meiner det er så teit å skille slik makt frå anna makt, at han rett og slett gjer narr av heile ideen om at dei mektige på eit område kan vera avmektige på eit anna (eventuelt er han så politisk sinna at han tråkker sund sine eigne analysebriller, utan at det er noko ok unnskydning for ein som har som jobb å gi offentlegheita ny innsikt i aktuelle saker).

Dei som har makt til å seia kva som er dårleg og god kunst, er eit døme på slike “usynleg” makt. Kunstfeltet får ofte kritikk for å vera elitistisk, men det krevs ein stor jobb seia heilt presist kven som har smaksmakta her (sjekk ut Tastekeepers av Hovden og Knapskog om du er i tvil). Vanskeleg er det også å seia heilt konkret kven som former samfunnet når det gjeld moralske spørsmål som barneoppseding, innvandring, kroppspress og ei rekkje andre emne som er aktuelle og omdiskuterte.

Vi har ei klar oppfatning av kva som er det riktige og gode standpunkt i ei rekkje saker, sjølv om ulike interesser ofte kjemper ein definisjonskamp her. Og den brennaktuelle Listhaug/ Joner-saken illustrere nettopp ein definisjonskamp mellom ulike krefter/ grupper. At den politiske makta blir utfordra er positivt. Spesielt i saker som opptek folk. Men ein kan ikkje hevda at denne motmakta ikkje også er ei type makt. Kven som har definert kva som er rett/ godt, og korleis dei har fått denne makta, er det likevel vanskeleg å ha ei like klar oppfatning om. Det same dilemmaet vil ein støta på om ein skal prøva å kartlegga omfaget av og grensa for denne moralske definisjonsmakta. I motsetnad til eit vedteke lovverk, er ikkje dette nedskrivne reglar med eit klart avgrensa nedslagsfelt. Det er likevel høgst aktuelt å omtale det som makt som formar og avgrensar handlingsrommet vårt.

At det er vanskeleg å peike på makta betyr altså ikkje at den ikkje eksisterer. Og ein journalistikk som tek sitt maktkritiske oppdrag på alvor bør bruka meir tid på å granska den makta som ikkje alle kan sjå med det blotte auge. Nettopp fordi den er skjult og diffus, og ikkje alltid kan knyttast til ein bestemt person eller ei tydeleg definert gruppe. Å gjera narr av ideen, eller forsøka å framstilla makt som berre ein ting, er eit mistak. I staden bør journalistar bruka meir tid på å problematisera etablerte sanningar, så vel som å stille kritiske spørsmål til dei som har kapra seg definisjonsmakta ved å vera fyrstemann til offerrolla.

Sosiologen Pierre Bourdieu har brukt omgrepet symbolsk vald om korleis utdanningssytemet undertrykker arbeiderklassen, men symbolsk vald kan brukast vidare enn dette. Det handlar nemleg om skjulte måtar eksisterande dominansforhold i eit samfunn vert oppretthaldt. Og slike forhold endrar seg ikkje når ein får ei ny regjering, eller eit nytt styre. Dette er store linjer, som endrar seg langsomt, som ikkje alltid kan sporast attende til eit vedtak i eit styrerom, men som påverkar samfunnet like fullt. Dette burde vera gull for journalistar som nettopp skal grava etter maktstrukturar og avsløra maktmisbruk.

Så kvifor skjer det ikkje? For det fyrste handlar det nok nettopp om at makta er vanskeleg å få auge på. Kven skal ein intervjua og ta bileta av dersom ein ikkje kan finna ein person som representerer makta? For det andre krevs det både kunnskap og eit spesielt medvite å sjå at det finst fleire makttypar enn politisk og økonomisk makt. For det tredje vil det alltid vera usemje om kva som faktisk er dei eksisterande dominansforholda i samfunnet til ei kvar tid. Og for det fjerde handlar det nok om ein profesjonell blindskap. Skal journalistar granska makta som ligg i språket, i å starta debattar, i å framstilla saksforhold på bestemte måtar, i å velje ut og velje vekk fakta, og i å trekka opp konfliktlinjer må dei ganske fort setja eit kritisk søkjelys også på eigen praksis, og det er det diverre lite tradisjon for i norsk journalistikk. Jo då, det er rom for kritikk av journalistiske overtramp i einskildsaker, men ikkje av journalistikkens overtrampande karakter.

Ein slik maktkritikk er likevel viktig. Det er viktig fordi også “usynleg” makt kan misbrukast. Eit døme på slik maktmisbruk er når informasjon og perspektiv ikkje blir ytra, fordi ein er redd for at dersom ein ytrar dei vil ein blir stempla som moralsk underlegen “dei gode”. Konsekvensen blir ein type sjølvsensur, noko Ytringsfridomsrapporten viste at er høgst reelt, og førekjem hjå aktørar på begge sider av den politiske skalaen – rett nok hovudsakleg i kontroversielle saker. Men kritikken er også viktig fordi makta vert forvalta av andre aktørar enn dei vi alt kjenner som typiske maktpersonar.

Dette tyder ikkje at Frp, eller Sophie Elise for den saks skuld, skal unngå pepper når dei vekslar mellom å innta rolla som mektig og avmektig alt etter kva som høver best for å vinna debatten. Nei, tvert om. Å få høve til å definera seg sjølv som avmektig kan også vera eit maktgrep, og det eg her argumenterer for er eit større medvit om også denne typen makt(mis)bruk. Men pressa må nødvendigvis også ta omsyn til at makta ikkje berre kjem i svarte bilar, og at det finst typar makt som også folk i svarte bilar er makteslause overfor.

Kommenter innlegget