Lat meg få utdjupa…

På Twitter har eg fått ein del kritiske innspel på mitt førre blogginnlegg. Det er særleg den anonyme mediekritikaren Doremus Schafer som har kritisert innlegget mitt, og Schafer skal ha takk for innspela. Men sidan eg sjeldan får fram poenga mine skikkeleg på 140 teikn, vel eg å svare skikkeleg her i staden.

Det i fremste rekkje essensielt å få fram at min kritikk ikkje retter seg mot det å driva med faktasjekk som sådan, men mot at faktasjekk vert lansert som løysinga på ein heil rekke komplekse problem der feilinformasjon berre er éin del av problemet.

Så kva type problem er det faktasjekktenesta ”Faktisk” skal gjera noko med?

I følgje denne artikkelen i VG er det å:
– motvirke feilinformasjon, enten den er bevisst eller utilsiktet
– bidra til et rausere ordskifte i Norge
– styrke redaktørstyrte mediers stilling som leverandører av kvalitetssikret journalistikk
– hjelpe publikum til å navigere i informasjonsflyten, slik at de kan ta bedre og mer opplyste beslutninger basert på fakta

Store ambisjonar, enkle løysingar
Prosjektet plasserer seg også i ein konkret politisk kontekst, som delvis ein reaksjon på valet i USA, Brexit og ”ordskiftet i Frankrike, Tyskland, Nederland og Belgia”. Og det skal vera ei vaktbikkje for ”ordskiftet, det politiske ordskiftet, og også det som trender”. I tillegg skal ”Faktisk” også vera ei vaktbikkje overfor eigen og andre medier.

Kritikken min baserer seg altså på at ambisjonane handlar om meir enn å vera eit korrektiv i debattar, og at tiltaka ikkje tek omsyn til at det å få til eit rausare ordskifte, auke tilliten norske medier og å hjelpa publikum med navigera i eit samfunn prega av informasjonsoverflod er komplekse problem som krev meir enn faktasjekk.

Eg seier ikkje at VG, NRK og Dagbladet ikkje kan handtere ei slik oppgåve. Det trur eg nemleg at dei langt på veg kan! Men eg meiner dei skriv ut medisin basert på ein slett diagnostiseringsprosess.

Det handlar om så mykje
Det å få til eit rausare ordskifte til dømes, handlar mellom anna om korleis arenafunksjonen vert forvalta og kva for røyster mediehusa slep til og løftar fram i debattar. Å motverka feilinformasjon handlar om å gjera offentlegheita meir opplyst, men det gjer ein ikkje berre med faktasjekk. Mangen av sakene som pregar norsk offentlegheit let seg nemleg ikkje avgjera med fakta åleine, men krev óg eit kritisk fokus på verdiar, argumentasjonar og perspektiv.

Det å hjelpa publikum å navigera i informasjonsflaumen kan dels løysast med ein faktasjekk fordi ein viser kva for aktørar som er truverdige, men gode kjelder er ikkje berre prega av at dei er sanningsorienterte. Det finnes også ei rekkje andre faktorar som er like viktige, som t.d. formidlingsevne, oversikt, evne til å forstå kompleksitet og evne til å sjå nyansar.

Og det å auka tilliten til media handlar ikkje berre om å sikra at det media skriv er sant, men også om å sikra at det er balansert og ikkje minst relevant, for å nemna to av mange ting.

Så får eg spørsmålet: kan det ikkje tenkjast at ”Faktisk” vil bidra til alt dette?

Jo, det kan tenkjast. Men det er lite som tyder på at det vil skje. For det er verkeleg klart at her skal det handla om faktasjekk.

Vi skal faktasjekke det politiske ordskiftet. Vi skal faktasjekke også mediene. Vi skal faktasjekke påstander, poster og saker i sosiale medier, spesielt de postene og sakene som trender. Vi skal faktasjekke debatter og kommentarer som får stor oppmerksomhet. Og vi skal også avdekke falske nyheter, sier han under dagens pressekonferanse.”, seier ein av redaktørane til VG. (Uklart kven av dei). (Mine uthevingar).

På prosjektet sine heimesider kan vi lesa at ”Faktisk skal faktasjekke det offentlige ordskiftet og avdekke falske nyheter som sprer seg i det norske samfunnet”. Og der får vi også ein smakebit på det vi har i vente:

henta frå faktisk.no

Prosjektet handlar altså om slå fast grad av sanning. Det kan godt tenkjast at det vil følga ei grunngjeving med i dette, men det er i alle høve klart at her handlar det om å finna ut om noko er sant eller ikkje, eventuelt grader av sanning. Og det er altså denne motsetninga mellom problemomtale og løysingstiltak eg kritiserer,.

Meir enn fakta
Men kan ikkje prosjektet berre få lov til å vera ein faktasjekkar då? Kan ikkje faktasjekk få vera faktasjekk, og så kan ein heller ha eit eige nyanseringsprosjekt, eit eige tillitsprosjekt og eit eige information overload-prosjekt osv.?

Jo, då. Sjølvsagt kan ein det. Og eg kan godt seia det igjen. Faktasjekk er ein bra ting! Men når tre svære mediehus går saman for å løyse eit prosjekt som faktisk nemner mange fleire problem enn berre faktafeil, så er det naturleg å forventa at også løysinga handlar om meir enn faktasjekking.

Vi har ei rekkje utfordringar i norsk offentlegheit i dag. Sjølv om fleire slepp til, så ser vi også tendensar til at vi får fleire lukka deloffentlegheiter, og eg, og mange med meg, har dei siste åra reagert på at mange debattar ender opp som skyttergravskriger, og at debattane er fulle av forakt for både meiningsmotstandarar, nyansar og all fakta som ikkje stemmer overeins med bodskapen i debattinnlegget.

Eit større fokus på fakta kan sjølvsagt løysa noko av dette. For dersom det blir slik at ein ikkje lenger kan slenga ut ville påstandar i norsk offentlegheit og tru ein skal sleppa unna med det fordi det går under fana ”debatt”, så har faktasjekkarane gjort alle oss som drøymer om ein ryddigare samfunnsdebatt ei stor teneste.

Problemet er berre det at ofte er det ikkje faktafeil som er problemet, men utelating av fakta. Ein faktasjekk kan i slike tilfelle sjølvsagt stempla argumentet som ”delvis sant” , men i mange av emna som går att i norsk offentlegheit (t.d. rasisme, religion, terror, ytringsfridom, feminisme) vil det kreva enorma mengdar tekst for å kunna gi ei fullstendig liste over relevante fakta. Men akkurat her skal eg vera varsam og open. For det kan tenkjast at faktsjekkarane har ei god løysing på dette.

Synspunkt og synsvinklar
Verre er det med emne der fakta er mindre relevant. Mange debattinnlegg handlar nemleg om å få folk til å sjå ei sak frå ein bestemt synsvinkel (t.d. frå eit kjønnsperspektiv eller eit klasseperspektiv), eller ta standpunkt i ei bestemt sak. Men ein kan jo ikkje faktasjekka om klasseperspektivet er ein fruktbar måte å forstå verda på, eller om Ap eller Høgre har den beste politikken. På same måte er det blogginnlegget du no sit og les skrive for å få deg til å sjå at eit kritisk perspektiv på fakta som løysing på ei sett med gitte problem er ein god idè. Ein faktasjekk kan ikkje avgjera om ein slik kritikk som eg ytrar har noko føre seg eller ikkje.

I tillegg må vi vera klar over at faktasjekkar kan vera kontraproduktive. Som David McRaney skriv i den etterkvart så kjende boka You Are Not So Smart kan det må bli korrigert med fakta ha motsett effekt av det ein kanskje skulle tru:

The Misconception: When your beliefs are challenged with facts, you alter your opinions and incorporate the new information into your thinking.The Truth: When your deepest convictions are challenged by contradictory evidence, your beliefs get stronger. (youarenotsosmart.com)

At folk ikkje liker å bli faktasjekka er sjølvsagt ikkje eit argument mot å driva med faktasjekk. Kanskje tvert om. Men McRaney-sitatet understrekar likevel hovudpoenget mitt: Skal ein løysa dei problema som ”Faktisk”-prosjektet skissere, så skal det mykje meir til enn ein faktasjekk. Og som eg må stå for åleine: faktasjekk er kanskje nok vi treng, men det er ikkje det vi treng mest.

(Tillegg: eg er sjølv ikkje samd i at alt som blir lista opp faktisk er eit problem. Til dømes meiner eg at vi ikkje har eit stort problem med falske nyhende i Noreg. Vi har rett nok eit problem med ei for lettvint haldning til fakta hjå ein del aktørar, og akkurat der kan «Faktisk» vera eit nyttig verktøy,  men det er, som eg skreiv i det forrige blogginnlegget, andre stader at skoen trykker mest.

Eg vil også legge til her at eg står fast ved min synspunkt om at slik kritikk som eg i desse to blogginnlegga har ytra, godt ytrast som konseptkritikk, og treng ikkje venta til «Faktisk»-prosjektet har kome skikkeleg i gang, slik Schafer meiner.)

Kommenter innlegget