Å lesa uten barmhjertighetsbriller

barmhjertighetsbriller
Illustrasjonsfoto: Ein bør lesa sine meiningsmotstandarar med utgangspunkt i barmhjertighetsprinsippet. Klassekampen sine debattsider er berre brukt som tema-illustrasjon.

Tek du for gitt att dine meiningsmotstandarar er fornuftige?

Alle som har leika kviskreleiken veit kor forvridd ein bodskap kan bli når den skal gjennom fleire fortolkande ledd. Eg trur ei slik forvrenging og er å finne i samfunnsdebatten. Det kan difor vera greitt med ei påminning om barmhjertighetsprinsippet og mistankens hermeunetikk.

Barmhjertigehetsprinsippet handlar kort fortalt om at når ein skal tolka det ein person seier eller skriv, så skal ein ta som utgangspunkt at vedkomande er fornuftig. Og når ein tolkar ein tekst eller ei ytring skal ein tolka han slik at opphavspersonen framtår som mest mogleg fornuftig (jamfør Gilje og Grimen 1998:195). Prinsippet, slik det her vert forklart, er ein samfunnsvitskapleg metode, og må ikkje forvekslast med det å vera barmhjertig – slik me bruker ordet i daglegtalen. Men eg meiner altså at det ikkje berre egner seg som metode, men også som prinsipp i det offentlige ordskiftet. Og det er dette det skal handla om her.

Eg meiner at dei som deltek i det offentlige ordskiftet, om det er i redigerte eller sosiale medier, i altfor liten grad tek høgde for at deira meiningsmotstandarar er fornuftige vesen, som kan ha gode og legitime poeng, sjølv om ein er usamd.

Det er naturligvis ikkje alltid slik at alle som ytrar seg i offentlegheita faktiske er fornuftig, men dette kan me strengt tatt ikkje vita før me har undersøkt saken på opphavspersonen sine premissar. Og det er det barmhjertighetsprinsippet handlar om. Altså, å undersøka før ein konkluderer. Ikkje omvendt.

Men i stadenfor å vera med på premissane til våre diskusjonapratnarar, tyr me ofte til ein mistankens hermeunetikk (sjekk Skjervheim) der personar sine fråsegner blir avvist med ein karakteristikk av personen, i staden for å undersøka om det er noko i fråsegna.

Lat meg illsutrera med nokre døme: Om noko t.d. hevdar at Høgre/Frp-regjeringa vil bygga ned velferdssaten med auka privatisering, er det bruk av mistankens hermeunetikk å karakterisera kritikken som sosialistisk og seia at den difor ikkje er verdt å lytta til. Og på same vis blir det bruk av mistankens hermeunetikk å avvisa ein påstand om at auke i ikkje-vestleg innvandring vil føre til meir kriminalitet ved å karakteriser den som rasistisk. Konsekvensen blir at «Vi unnlater å undersøke om argumentene er  holdbare eller fornuftige» (Gilje og Grimen 1998:202).

Ein kan gjerne argumentera for at ei slik karakterisering er viktig for å vita kva type verdiar som finnes i eit samfunn. Det vil eg i så høve vera samd i. Men det vil uansett vera ei avsporing frå dei gitte debattane. For begge dei overnemnde påstandane kan testast. Kva som vil vera konsekvensen av blåblå-politikk og kva som vil vera konsekvensane av innvandring er rett nok komplekse spørsmål, men det er likevel mogleg å seia noko om dei, eller argumentar mot dei, utan å ty til mistankens hermeunetikk.

Vidare kan me seia at dette ikkje berre handlar om korleis ein svarer på ein påstand, eller eit innlegg, men også om korleis ein gjengir andre sine argument i pågåande debatt.

I samfunnsdebatten er det jo vanleg praksis å inkludera ei kort gjengiving av motparten sine argument i samband med si eiga utgreiing. Dette er ein fornuftig praksis, fordi det gir lesarar som ikkje har følgt debatten frå start av, ei mogelgeheit til å vita kva saka dreier seg om. Men det er også ein risikabel praksis, for gjengivinga er alltid ei tolkning. Og det er også her viktig å anvenda barmhjertighetsprinisppet, slik at gjengivinga blir rett.

Vi kan ta eit dagsaktuelt døme som utgangspunkt:

Hilde Sandvik skreiv i BT 03. juli ein kritikk av psykiatar Finn Skårderud. Denne teksten gjekk meg hus forbi, og det var fyrst tre dager seinar (i ein kommentar i VG) at eg fekk høyra Sandvik sine argument for fyrste gong. Problemet var at eg fekk høyra dei fritt gjengitt av VG-kommantator Anders Giæver (her). Dette skulle i utgangspunktet ikkje vera noko problem. Men det var det likevel, for Giæver har openbart ikkje teke i bruk barmhjertighetsprinsippet når han har lese Sandvik, og han laga ein slags «lettvektar-stråmann» av Sandvik, som han naturligvis sigrar ganske lett over.

For meg vart dette problematisk fordi mitt intrykk av Sandvik sin tekst vart feilaktig: den framtsod som svakare, og meir anekdotisk enn den var. «Rart», tenkte eg. «Sandvik pleier jo å vera god». Og det var ho. Det fann eg ut då eg las argumenta presentert av Sandvik sjølv. Ikkje det at eg har sterke meiningar i saken. Til å ha det, kjenner eg Skårderud altfor dårleg. Men sjølve argumentasjonen var fornuftig. Og anekdota som Giæver bygde sin kritikk på var på langt nær så sentral for hovedpoenget som det sistnemnde gav oss inntrykk av.

Har Giæver lese Sandvik sympatisk? Skjermdump frå VG si nettside
Har Giæver lese Sandvik sympatisk? Skjermdump frå VG si nettside

Hadde Giæver teke i bruk barmhjertighetsprinsippet ville han ha bygd sin kritikk på ei meir sympatisk lesing av Sandvik. Han ville då ikkje fått ein like skarp kommentar sjølv, men som Inge Merete Hobbelstad viste (ein kommentator eg har stor sans for) kan ein kritisera Sandvik også med ei sympatisk lesing.

Det er naturlegvis både relevant og interessant å driva retorisk kritikk, og det ville ikkje vore særleg sympatisk lesning av Giæver å ikkje understreka at det han driv med er nettopp kritikk av Sandvik sin retorikk. Ein slag argumentasjonskritikk.  Men problemet er likevel at då Giæver ikkje har tatt som utgangspunkt at Sandvik har ein fornuftig argumentasjon, blir også grunnlaget for kritikken noko tynt – slik eg ser det.

Kanskje skuldast dette at vi truleg brukar barmhjertighetsprinsippet i langt større grad når vi er samd med opphavspersonen. Eit av dei nyare innlegga i denne debatten, frå professor Sigmund Karterud (i BT 10.06), illustrer dette godt. I eit forsvar av Skårderud kritiserer han BT for mobbing av sistnemnde. Den kritikken kan det godt vera noko i. Men å avvisa heile kritikken som mobbing vitnar om liten interessse for å sjå at debatten også kan vera viktig. Når Karterud i tillegg hevdar at BT publiserte innlegg på grunn av redusert kapasitet i redaksjonen, vitnar det om lite anna enn ein mistankens hermeunetikk.

Men så kan ein spørja, vil Karterud bli lest sympatisk av BT? Vil hans påstandar om mobbing bli tatt på alvor, eller blir dei avvist som «berre støtte frå ein ven». Og vidare: i kva grad har Sandvik og dei andre kritikarane av Skårderud anvendt barmhjertigehetsprinsippet når dei har lese Skårderud?

Kommenter innlegget