Vi er meir enn politikk

«Dei som var begeistra for intervjuet var motstandarar av partiet, medan dei som protestererte var tilhengarar», er ei fortolkning som har blitt gjenteke siste dagan. Og det er ikkje ei direkte feilaktig framstilling. Men den er likevel ufullstendig.

Kritikken mot Fredrik Skavlan sitt intervju med Jim Åkeson må kunne tolkast som meir enn eit spørsmål om politisk tilhøyre. Foto: Johannes Jansson. CC-lisens: http://commons.wikimedia.org/wiki/File:Fredrik_Skavlan,_Tv-programledare.jpg
Kritikken mot Fredrik Skavlan sitt intervju med Jim Åkeson må kunne tolkast som meir enn eit spørsmål om politisk tilhøyre. Foto: Johannes Jansson. CC-lisens: http://commons.wikimedia.org/wiki/File:Fredrik_Skavlan,_Tv-programledare.jpg

NRK melde om rekkordmange klager etter Skavlan sitt intervju med Jimmie Åkeson (Sverigedemokratane), fredag forrige veke. Også i nettavisene og i sosiale medier har intervjuet vore eit heitt tema. At vi har ei befolkning som bryr seg om jorunalistikk, samfunn og politikk er i grunn strålande. Og det var nok i størst grad det politiske aspektet som fekk folk til å regarera.  Men responsen kan ikkje utelukkande bli tolka inn i ein politisk kontekst.

Som både Per Edgar Kokkvold og Espen Ottosen har vore innepå (høvesvis her og her) kan ein nemleg også kritisera programmet journalitisk normativt, med spørsmål som «kor kritisk skal ein programleiar vera?», «kva type premissar legg programkategorien «underholdning»?», «bør ikkje alle kjelder som får taletid i eit så populært program bli utsette for kritiske spørsmål?», og «når ein fyrst skal spela djevelens advokat, bør ein ikkje inta den rolle ovenafor kjelder av alle politiska fargar?».

I likskap med dei to overnemnde reagerte også eg på Skavlan sitt intervju. Ikkje fordi han var kritisk – eg liker kritiske intervju – men fordi Skavlan er inkonsekvent i høve til kven han er kritisk mot:
«- Fredrik Skavlan har hatt både maoister og stalinister i studio, uten at de har måttet stå til rette på denne måten» (Kokvold til Aftenposten). Det er altså på bakrgunn av nokre pisnipielle forventningar til journalistikken eg kritiserer programer, ikkje på bakgrunn politisk tilhøyre. (eg er ikkje samd i at dei to nødvendigvis må diskuterast ilag, heller ikkje når det er snakk om politiske intervju). For eg vil gjerne ha meir kritikk. Av fleire. Også artistar på lanseringsferd.

Men så kan ein spørja: passer slike spørsmål som fredagsunderholdning? Ja.. Jo.. Tja.. Nei.. Det er ikkje så viktig. Det er ikkje grenseoppgang eg prøver å formidla her. Poenget mitt er at det går an å diskutera journalistiske prinsipp utan å ta omsyn til kven ein likar og ikkje likar. Ja, prinsippdebattar bør kanskje diskuterast utan for mange slike omsyn?

Det å tolka mediakritikk som i fremste rekkje politisk motivert kritikk kan også ha uheldig konsekvansar på eit litt høgare nivå. Ei stillingstagning som blir tolka politisk kan nemleg stå i fare for å setja feilaktige merkelappar på debattantar. Til dømes står ein kvar som meiner at Åkeson vart handsama vel kritisk av Skavlan i fare for å bli tildelt rolla som tilhengar av Svergiedemorkatane, og vidare tildelt eigenskapar som innvandringskritikar og rasist. Det skulle heller ikkje fourndra meg om dette blogg-innlegget blir tolka inn i politisk kontekst, sjølv om det eg faktisk skriv om er kritisk journalistikk. Fokuset vert då flytta frå sak til person, på feilaktige premissar, og blir eit hinder for dei viktige ikkje-politiske prinsippdebattane som alfor sjelden faktisk handlar om anna enn politikk.

Kommenter innlegget