Lettvint Snapchat-bruk

Sogn Avis må våga å bruka Snapchat til noko meir enn sjølvpromotering

snapchatkornikkbilde

Fyrst publisert i Sogn Avis, 11. okotber, 2016

I sommar kunngjorde Sogn Avis at ein kan følgja avisa på Snapchat, og viste med det evne og vilje til å tenka nytt om nyhendeformidling. Men i journalistikken er det bruken av teknologien, og ikkje teknologien i seg sjølv som avgjer om resultatet blir godt. Og når det gjeld resultatet i dette tilfellet, skuffar avisa.

Nyhendemedier, som Sogn Avis, har eit tredelt samfunnsoppdrag. Dei skal bidra med informasjon om samfunnet, dei skal driva samfunnkritikk, og dei skal vera ein arena for offentleg debatt. Tidvis blir avisene skulda for å ikkje vera kritiske nok. Og særleg lokalavisene kan nok fort bli eit offer for ei stereotyp oppfatting av korleis kvalitetsjournalistikken skal vera: superkritiske, gravande og avslørande.

Men ein slik kritikk er ei uheldig forenkling av samfunnsoppdraget. For like viktige som kritikkravet kan me seia at informasjonkravet er: At det finnes nokon som skriv om kommunestyremøta, om skyttarlaget, om vegutbygging, og om husmorlaget som feirar jubileum. Dette er viktig fordi det gir innbyggarane i eit samfunn sjansen til å vera oppdatert på kva som føregår rundt dei, og i neste omgang vera med på diskusjonen om lokale forhold.

Berre det at me har ei lokalavis som Sogn Avis er altså ei styrke for demokratiet.

Men ei fersk undersøking av den norske befolkninga sitt mediekonsum viser at ikkje alle aldersgrupper er like oppdaterte og engasjerte. Spesielt unge under 35 er det forfattarane av rapporten kallar “nyhetsunnvikere”, altså personar som er “meget lite interesserte i de harde nyhetstypene” økonomi, politikk og nasjonale og internasjonal samfunnsforhold. Funnet vert omtalt som bekymringsverdig.

I den same rapporten kan me lesa at sosiale medier har klart høgast dekning hjå desse unge nyhendeunnvikarane, og spørsmål om korleis nyhendemedier bruker sosiale medier, som Snapchat, blir då aktualisert på nytt.

Så, finnes det synleg vilje hjå Sogn Avis til å bruka sosiale medier til nyhendeformidling på nye måtar, til eit unnvikande publikum? Enn så lenge er svaret nei. I alle høve om det er Snapchat vi snakkar om.

I staden for nyhende får vi stort sett promotering av saker på dei andre platformane til avisa (ofte papiravisa), og til lettbeinte “behind the scenses”-innsikter i nyhendeproduksjonen. Denne bruken samsvara rett nok godt med avisa sitt uttalte formål med Snapchat, men det må likevel kunne innvendast at dette formålet ikkje vitnar om optimal forvaltning av det gode lokaljournalistiske arbeidet avisa held på med elles.

Før eg går vidare skal det understrekast at det finns gode og legitime økonomiske argument for å ikkje “gi vekk” nyhenda på Snapchat. For journalistikk er ikkje gratis. Men det likevel viktig å snakka om journalistikken si rolle også der inntjening ikkje er premisset for samtalen. Og status per i dag er den at Snapchat i fremste rekkje eit promoteringsvertøy for papairavisa og Sogn Avis-logoen, ikkje ei verktøy for nyhendeformidling. Og det er det grunn til å problematisera.

Eg har følgd med på snappane til Sogn Avis sidan lanseringa i sommar, men gjort ein meir systematisk gjennomgang av alle snappane i veka som var (veke 40). Denne gjennomgangen underbygger det generell inntrykket.

Berre éin snap (måndag) hadde nyhendeinnhald (handla om lus). Fire snaps må karakteriserast som sjølvpromotering (fokus på høvesvis eksponering av merkevaren og oppmoding om å lesa einskildartiklar i avisa). Tre hadde eit internt humorpreg (orientert kring personar, hendingar og gjenstandar inne i redaksjonslokalet). Og to handla om ein konkurranse der ein kunne vinna ein Sogn Avis-penn.

Ein kan tenkja seg eit scenario der eit slikt “bak kulissane”-fokus som dei humorprega snappane har, kunne vore gjort veldig unikt og interessant, ved å gi innsikt i interne diskusjonar og vurderingar i redaksjonen, noko som etter mitt syn er ei mangelvare i journalistikken. Men så langt har den metajournalistiske innsikta me har fått gjennom Snapchat vore av det overflatiske slaget. Ein kan også tenkja seg eit scenario der promotering gjennom Snapchat ville ha gitt nyhendeunnvikarane ei påminning om å lesa papiravis. Men problemet er ikkje at ungdom ikkje kjenner til nyhendemediene. Problema er at dei ikkje konsumerer nok nyhendestoff.

NRK P3 har vist at Snapchat kan vera ein alternativ arena for formilding av nyhende. Det hadde vore spanande om Sogn Avis strekte ut ei hand til unnvikarane og gjorde det same.

For ryddigheita si skuld: eg har tidlegare jobba som journalist i Sogn Avis (siste gong i 2010), men var den gongen ikkje oppteken av spørsmål vedrørande journalistikk, teknologi og offentlegheit.

Kommenter innlegget