Diagnose: Kvasifornuftig

Når ein har analytiske evner, men manglar viljen til å bruka dei….

Debatten Illustrasjon-01

Vi er så høgt utdanna at det er gått inflasjon i doktor- og mastergrader. Vi flaggar vår ateisme, og latterleggjer alternativ medisin fordi det knekk under vekta av vitskapleg testing. Likevel er ikkje dette vitskapens tidsalder. Heller ikkje rasjonaliteten og fornufta sin tidsalder. Nei, tvert om, vi er dei kvasifornuftige.

Vi trur sjølve at vi har kome oss ut av Platon-hola, og at vi no vandrar opplyste og fornuftige omkring. Men sjølv om bålet forlengst er funne og sløkt, sit vi framlei lenka fast. Vi har berre blitt omorganiserte. No sit vi i grupper. Og lyset vi trur er sola, er eigentleg gjennskinnet av vår eigen fortreffelegheit.

Men gruppene er fine. For dei stadfestar, nikkar, og trykker “like” og tommel opp. Dei deler våre meningar og fortolkingslogikkar, og pratar om å framsnakke, utan å eigen gong vurdera å framsnakke andre enn kvarandre. Likevel føler vi at vi blir eksponerte for ulike tankar og meiningar. Og det er jo flott å kunne seia det, for det medfører at vi kan omgi oss med honnørord som tollerante, interesserte og reflekterte.

Men vent no litt. Er det ikkje fyrst når vi lyttar til andre enn våre eigne meiningsfeller, og når vi legg til rette for å få vår verdsforståing rokka ved, at vi eigentleg fortener slike honnørord?

Dei fleste vil nok vera samde i det. Prinsipielt sett. Men vi har ein veg å gå med å visa at slike prinsipp er meir enn hendig ego-polering. Sjå berre på det siste årets samfunsdebattar. Det er front mot front. “Vi veit best, dei andre har ikkje forstått det spor”, og vi gidd ikkje høyra argumenta deira. Normativ argument slår i hel deskriptive, og at det er ok å reagere med kjensler, heller enn fornuft og analyse.

Denne teksten vart skriven i samband med ein kronikkonurranse i Morgenbladet, der målet var å beskriva ein samtidig samfunnstendens: eit teikn i tida. Teksten vart publisert i Nr. 49 2014, s. 31.
Dette innlegget vart fyrst publisert som kronikk i Morgenbladet, nr. 49 2014, s. 31. Den vart skriven i samband med ein skrivekonurranse, der målet var å beskriva ein samtidig samfunnstendens: eit teikn i tida.

Observante lesarar vil nok her innvenda at korkje patostyranniet eller det å gruppera seg i ideologiske bandar er unikt for vår tid. Og det stemmer jo. Men det høge trykket, og den ideologiske grenseoppgangen ulike grupperingar kan skapa og tydeleggjera ved hjelp av sosiale media, er nytt. Det er også nytt at vi har så enormt stor tilgang på informasjon, og at så mange av oss er trena i kritisk, analytisk tenking gjennom høgare utdannig.

Skuldast kvasifornuften information overload? Eller er det for ukomfortabelt å utfordra doxa? Det verkar i alle høve som om det er viktigare å reagera enn å analysera: frå store politiske omveltingar til små provokative reklamekampanjar – det gjeld å vera tidleg ute med å bastant omfamna, eller avvisa, problemstillingar som til ei kvar tid er aktuelle. Å høyra alle sider av ei sak, er ut.

I Platon si holelikning er moralen at det er fånyttes å fortelja andre at det finst nye og alternative synsvinklar. Det same gjeld i Hola 2.0. Ein kan tenka seg at ein stakkar bryt seg laus, og går mellom dei ulike gruppene og observerer. På eit tidspunkt vil stakkaren seia noko slikt som “dette diskuterer dei der borte også, og dei ser saka slik”.

I den opphavelege holelikninga vert stakkaren drepen. Og går ikkje bra i denne forteljinga heller. Men vi drep heldigvis ikkje våre meiningsmotstandarar. Vi de-legitimerer dei i staden. Puttar på dei kneblande merkeleppar som er så konkrete at vi demonstrerer distinksjon, men så vage at vi kan avvisa alle skuldingar om sensur eller sjikane. Vi ser dette tydeleg når personar og institusjonar får eit persona non grata-stempel, og eventuelle valide argument dei kjem med blir handsama som ikkje-eksisterande. Eit snålt fenomen som ikkje overtyder andre enn dei som alt er samde frå før.

Kvasifornufta er altså misforholdet mellom den høge kompetanse vi har og dei fine ideala vi kler oss i, og måten vi faktisk møter kulturelle, politiske og ideologiske emne. Det er manglande vilje til å sjå at meiningsmangfald ikkje berre høyres fint ut, men faktisk er ein førestenad for den gode samtalen. Kvasifornufta er glitrande talarar, men elendige lyttarar, og at den einaste responsen vi verkeleg er interesserte i er (y).

Kommenter innlegget