Vi har skapt eit kjenslemonster

Ein kan ikkje kritiserer post-fakta utan å også peika på emokratiet. Til det har dei for mykje til felles.

6027542916_49e2b98c46_b
Foto: Bring back words https://www.flickr.com/photos/backwords/6027542916/in/photostream/

fyrst publisert i Bergens Tidende 8. januar 2017

Det postfaktuelle samfunnet skremmer både borgarar og aviskommentatorar, men at mange av dei same aktørane kan ha lagt tilhøva godt til rette for ein slik (u)kultur ved å heia fram emokratiet, ser ikkje ut til å vera noko ein har vurdert.

Petter Bae Brandtzæg og Asbjørn Følstad i Sintef meiner noko av det postfaktuelle problemet ligg i folks manglande lit til journalistikk, og føreslår, meir openheit kring journalistiske praksisar og tenkemåtar. Dette er eit godt forslag og ein god analyse, men eg meiner vi også må utvida synsfeltet og sjå på kva kultur vi har laga oss for å snakka om samfunnsspørsmål.

Noko av det som både set tone og tema for debattar om store, viktige politiske og ideologiske spørsmål er nemleg ofte einsidige, spissformulerte og polariserande innlegg (t.d. i avisa eller på Facebook), basert på emosjonelle utbrot. Så vanleg har det blitt at einskilde har oppfatta det som eit samtidsteikn, og brukt det karikerte, men likevel presise omgrepet ”emokratiet”.

“Å slå ring om emokratiet er sunn demokratisk fornuft”, skreiv Thorgeir Kolshus i ein kronikk i Aftenposten i jula. Også denne kronikken er god, fordi den peikar på både styrker og svakheiter ved kjensleorienterte debattinnlegg, og viser korleis dette anti-elitiske og anti-teknokratiske har gitt større meiningsmangfald.

Kjenslefokuset blir fryst eit problem når den vert brukt som retorisk grep av dei som alt har tilgang til media, og evner og ressursar til å bruka dei strategisk. Til dømes politikarar og redaktørar, meiner Kolshus.

Eg er langt på veg samd, men ikkje heile vegen. For der Kolshus ser kjenslene i samfunnsdebatten som tett kopla til “store samfunnsspørsmål”, ser eg tvert om ei tilsløring av desse store spørsmåla. Og der Kolshus ser nærast ei heroisk, folkeleg rørsle (“ikke fordi de vil, men fordi de må”), ser eg ei lettvint handsaming av nyansar og kompleksitet som har resultert i ein “det einaste relevante er det eg føler”-logikk.

I staden for å vektlegga at dette er ei folkeleg rørsle, må vi heller sjå på korleis emokratiet har endrar spelereglane for offentleg debatt, og har vore med på å setja ein ny standard for korleis ein kan, og bør, ytra seg i samfunnsdebatten. Ikkje berre for folket, men for heile samfunnet. For det er naivt å tru at redaktørar og politikarar ikkje skal nytta seg av eit verktøy som har vist seg å vera uhyre effektivt. Det er problematisk å tenka eit konstruktivt og refleksivt forhold til eige bodskap berre skal gjelda for personar med makt. Og det er arrogant å meina at kjensleoverflod er ok, så lenge berre ”dei snille” bruker det – for kven som er dei snille vil variera enormt etter kvar ein står ideologisk.

Snarare enn ei demokratisk styrke må vi sjå emokratiet i samanheng med det postfaktuelle samfunnet. Altså falske nyhende og politiske aktørar med lite respekt for fakta. Eg skal prøva å forklara korleis.

Fyrst skal det understrekast at vi neppe kan snakka om emokratiet som eit paradigmeskifte. Kjensler har alltid vore eit aspekt ved samfunnsdebatt, og det er, som også Kolshus påpeikar, framleis god plass til fornuft i dagens offentlegheit. Ideen om at samfunnsdebatten tidlegare berre var rasjonelle og redarleg har dessutan aldri vore sann, som Inger Merete Hobbelstad så fint formulerte det i Dagbladet i vinter.

Men det store fokuset ein del kjensleorienterte tekstar har fått den siste tida, har likevel sett eit preg på offenlegheita som gir støtte for emokrati-hypotesen. Og den typen ideologiske posisjonering ein kan få til ved å klappa og kritisera, og ved å vidareformidla både for å skryta og sverta, må kunne seiast å ha eskalert med sosiale media, og kanskje særleg det siste året med Facebook som debattarena.

Vi har i dag ein situasjon der vi applauderer og vidareformidlar tekstar som handsamar komplekse saker som om dei var enkle og einsidige, og ein vi har situasjon der politiske prosessar vert omtalte som dei vert av utført einskildpolitikarar i augeblikket.

Vi kan gjengi motparten sine poeng tolka i verste meining, og sjå vekk frå både uttalte nyansar og uttalte forbehold. Vi kan peika på kor teite folk som tek feil er, men gløyma å visa kvifor dei tek feil. Og vi kan latterleggjera og demonisera våre meiningsmotstandarar med godkjenning frå hundrevis av tomlar opp. Og dette siste er viktig, for vi kan ikkje i dag berre forstå eit debattinnlegg ved å sjå på sjølve innlegget, eller forfattaren. Vi må også studera prosessen innlegget inngår i, med likes, kommentarar og delingar.  Og det er her eg meiner linken mellom emokratiet og det postfaktuelle samfunnet vert spesielt openbar.

Tekstar skrive i affekt og tekstar som er skrive med kalkulerande kynisme, har det til felles at sentrale poeng kan veljast ut, eller veljast vekk, alt etter kva som gir mest eintydig og slagkraftig bodskap. Og fokuset på å skapa og forsterka fiendebilete er kjenneteikn ved både emokratiet og det postfaktuelle samfunnet. Men det er altså i fremste rekkje på “like- kommenter- og del”-nivå vi finn dei største likskapane. Begge typen tekstar er nemleg svært populærer, og vert brukt som grunnlag for stillingstaking, som igjen vert brukt til å peika på “dei andre” som ein ikkje liker. “Dei andre” som korkje har kunnskap eller moralen på si side. “Dei andre” som vi meiner har ein uheldig, polariserande stil – ironisk nok.

Ein kan sjølvsagt hevda, som Kolshus, at emokratiet er ok når det vert brukt av den vesle mannen/kvinna som kanskje manglar andre vegar inn i debatten. Men med tusenvis av likes og delingar spørs det kor lenge det vert rett å snakka om den vesle, makteslause borgaren. Det å avgjera akkurat når ein samfunnsdebattant er mektig og når vedkomande ikkje er mektig, er ei uhyre komplisert øving (noko eg og har prøvd å få fram tidlegare), og det er klart at om vi skal trekke maktaspektet inn her (og det skal vi), må vi hugsa at makt er meir enn offisielle posisjonar. Det å få vera med å både setja i gang, og setja standarden for, ein debatt, må seiast å vera verdifull makt.

Det skal her innvendast og understrekast at det er eit vesentleg skilje mellom innlegg skrive i affekt (emokratiet), og medvite manipulering i form av falske nyhende og andre tekstar som er basert på ynskt utelating og fordreiing av fakta (postfakta). Den eine er dumskap, det andre er vondskap. Og med eit fokus på intensjonar er det liten grunn til samanlikning. Men som eg har forsøkt å visa her, er fellesnemnarane likevel mange.

Så finnes det så klart gode argument for at ein samfunnsdebatt skal ha både nerve og høg temperatur. Mange politiske saker er nettopp kjenslesaker, og når vi les om hjerneforskarar som har funne at det å få sine politiske overtydingar utfordra vert opplevd som eit personleg angrep, må vi kanskje akseptera at det stundom koker over, utan at vi skal ropas varsku av den grunn, eller kopla hendingane til det som heilt klart er ufine grep i politiske kommunikasjon.

Konfliktteoretikarar vil dessutan hevda at samfunnet består av kampen mellom ulike interessegrupper som kjemper om makta på ulike områder. Og om ein har eit sikt samfunnssyn vil det kanskje verka kontraproduktiv å forsøka å lytta framfor å kjempa, dersom ein ynskjer å endre verda. NOAS/Jonar/Anorak-stuntet, til dømes, hadde neppe vore så vellukka dersom det ikkje hadde vore så personleg, spissa og polariserande.

Men når det dannar seg nye argumentasjonslogikkar, eller når gamle argumentasjonslogikkar blomstarar på nytt (eg veit ikkje kva som er tilfelle her), kan ein ikkje berre bruka eit kritisk blikk når dei negative sidene trer fram i lyset. Då vil ein gå glipp av heilskapen. Og det er dette som har skjedde når det postfaktuelle samfunnet vert omtalt som om det nærast har oppstått frå ingenting. Linken mellom emokratiet har ikkje blitt identifisert fordi ein ikkje har sett etter det, noko som blir tydeleg når ein les kommentarar av den typen både Dagbladet og BT har publisert denne jula.

Facebook og kommentarfeltet vert framstilt som stadane der løgnene og polariseringane rår, medan avisene sine polemiske debattsider, med tradisjon for høge temperatur og tydelege motsetningar, ikkje vert framheva på same måte. Ikkje det at media er løgnaktige. Eit slikt narrativ har eg ingen interesse av å vera med på. Men at media sitt fokus på konfliktar og sensasjonar, også i debattprogram og på debattsidene, har vore med å gjera det mogleg å forsterka og misbruka ideologiske skiljelinjer i befolkninga, ser eg på som eit sentralt poeng i ein kritikk av det postfaktuelle samfunnet.

Å leggja all skuld på arenaeigarane er likevel ikkje rett. Deltakaren i debatten må også stå ansvarlige for korleis ein debatt ser ut og utviklar seg, og ein verkeleg fryktar konsekvens av det postfaktuelle samfunnet kan det vera lurt å gå sine eigen debatteknikkar etter i saumane fyrst.

For 2017 lanserer eg difor følgjande tips for ein meir fakatorientert og mindre polarisert samfunnsdebatt:

  1. Formuler deg meir nyansert og mindre bastant i 2017.
  2. Gje folk meir rett! (“Ja, du har rett i det, men…”)
  3. Aldri gjer narr av folk. Har du ikkje betre argument enn det, så ver stille.
  4. Ikkje gjenta andre sine poeng, men med ironisk vri som viser kor dumme dei er. Formuler dine eigne poeng i staden!
  5. Ver tydeleg på kva som er kritikkverdig i kvart einskild tilfelle (er det t.d. eit einskild fråsegn, eller det ei heil Facebook-side du finn kritikkverdig?).
  6. Ver varsam og presis med karakteristikkar (spør deg sjølv: er verkeleg landssvikarar, rasist osv. den riktige karakteristikken?).
  7. Vedgå at folk du ikkje liker kan ha rett.
  8. Vedgå at folk du ikkje liker kan ha gode poeng.
  9. Sjekk kva folk faktisk står for. Dei er truleg meir fornuftige enn du trur (er du i tvil, spør dei: “var det dette du meinte?”).
  10. Lytt også til kva folk faktisk seier, og ikkje kritiser dei for ting dei aldri har sagt.
  11. Ver varsam med å karakterisera meiningane til folk som oppgulp, søppel, idioti, naivitet. Det er ofte betre å berre argumentera imot enn å karakterisera.
  12. Ikkje sei at folk ber om å bli valdtekne. Ingen ber om slikt!
  13. Tenk på at du sjølv også kan ta feil! Truleg har du endra standpunkt fleire gonger gjennom livet, og det vil truleg skje igjen.
  14. Skil mellom det som er fakta og det som er dine eigne kjensler.
  15. Skil mellom det som er sant og det du skulle ynskja var sant (normativ vs deskriptiv)
  16. Slutt å tenka at ditt verdisyn gir deg rett til å tråkke på andre.
  17. Forstå at “godheitstyranni” ikkje betyr at “godheit er tyrannisk”, men at “godheit kan brukast tyrannisk” (jamfør førre punkt).
  18. Ikkje karakteriser andre folk som troll, med mindre dei faktisk trollar. (Å trolle vil seia å bevisst provosera for å få ein reaksjon. Det er ikkje det same som at nokon seier noko du finn provoserande).
  19. Opplys folk om kva som er sant (t.d. i klimaspørsmål) framfor å le av dei som er på villspor.
  20. Ta omsyn til at kjønn, etnisitet og religion ikkje er dei einaste ulikskapane i eit samfunn.
  21. Hugs at sjølv om kvite, heterofile menn ofte er dei mektige, kan det finnes områder der mørke, skeive kvinner (eller heilt andre!) er enno mektigare. Vurder kvar gong.
  22. Forstå at sosiale sanksjonar også er makt, og difor kan opplevast sensurerande.
  23. Godta at nokre røyster til høgre, andre til venstre, utan at det betyr at dei, eller partiet dei røyster på, kjem til å øydeleggja landet.
  24. Slutt å skapa og oppretthalda enkle fiendebilete. Om du ikkje liker “oss og dem”-retorikk, ikkje bruk det sjølv heller!
  25. Tolk folk i beste meining, ikkje verste.
  26. Unngå å avvise alle andre tolkingsalternativ enn ditt eige. Til dømes: “Det går ikke an å tolke dette på andre måtar enn at…”. Jo, mest sannsynleg går det an.
  27. Om du er tilhengar av eit prinsipp (t.d. ytringsfridom), ver grei bruka det som eit prinsipp og ikkje berre eit vinnarargument dei gongane du treng eit slikt.
  28. Godta at sjølv om folk lev i den same verda som deg, kan dei kome til betrakte denne verda annleis enn deg.
  29. Tenkt deg om før du deltek i samfunnsdebatten, og bruk argument som er gyldig for fleire enn dei som deler dine kjensler.
  30. BONUS-punkt til avisene: Ikkje publiser debattinnlegg som er einsidige og polariserande den eine dagen, og kommentarar som rettar ein streng peikefinger mot polarisert debatt den neste. Det er ikkje berre kommentarfeltet og Facebook som er syndarane her!

 

Kommenter innlegget