Å lukkast med tverrfagleg samarbeid

– Tverrfaglg samarbeide fungerer best når det skjer på alle sine premissar, hevda eg og nokre kollegaer då me vitja MK-lærarane i Rogaland for å snakka om samarbeidet me har hatt mellom MK og norsk. Me ville dela nokre erfaringar, visa fram nokre suksesshistorier og drøfta nokre dilemma. Her kjem bloggversjonen!

Eg (t.v.), og mine kollegaer Roar Bakke og Kjersti Nedland Røneid presenterte tankar om tverrfagleg samarbeid for MK-lærara i Rogaland
Eg (t.v.), og mine kollegaer Roar Bakke og Kjersti Nedland Røneid presenterte tankar om tverrfagleg samarbeid for MK-lærara i Rogaland

Rogalendingane nikka stadfestande.

– Ofte opplever me at det er MK [medier og kommunikasjon] som må ta initiativet til tverrfaglig samarbeid, og MK er ofte berre er interessante når me kan «gjere noko for dei andre», i form av t.d. videoproduksjonar, var det ein av seminardeltakarane som responderte.

Dette blogginnlegget skal altså visa at det går an å driva tverrfagleg samarbeid der alle partar har like store roller og interesser. Innlegget er hovudsakleg anekdotisk, og bygger på eit veldig godt samarbeid mellom norsk og media på 3MK v. Nordahl Grieg vgs. Men eg trur at det som vert skissert her også er overførbart til andre samanhengar. Avslutningsvis vil eg difor trekka inn andre fag, og skissera nokre idear om korleis t.d. matte og naturfag også kan samarbeida med MK på ein god måte.  Legg gjeren igjen ein kommentar med aspekt eller konstellasjonar som du tenker kan vera supplerande til dette innlegget!

Motivasjon og større forståing
Hjå oss starta samarbeidet mellom norsk og MK for tre år sidan, med det fyrste tredjeklassekullet på Nordahl Grieg vgs. Desse to faga dominerer timeplanen på tredjetrinnet med ti timar kvar, og gjer seg særleg egna for samarbeid sidan fleire kompetanesmål går att i begge fag (om enn formulerte på litt ulikt vis).

At eit samarbeid mellom faga på eit vis forminskar og effektiviserer arbeidet til elevane, har likevel blitt ståande som kanskje den mest forlokkande grunnen. I alle høve i følge elevane sjølve:

Det siste som vert snakka om i videoen over, altså større fagleg forståing, er nok likevel den faktoren som i mine auge er den mest interessante. Det er nemleg sannsynleg at elevane kan få større innsikt og forståing i eit emne dersom dei vert presenterte for ulike innfallsvinkler, og får sjå at emnet er relevant på tverrs av fleire fag – eit potensiale som eg meiner me må utnytta meir.

Eg ser t.d. at ein journalistisk tekst blir betre når norsklærarane også rettleier. Ikkje berre fordi det er fleire lærarar innvollvert, men også fordi fleire aspekt ved tekstane blir granska av kompetente og kritiske auge. Eg sluttar meg altså til det norsklærar Åshild Holm trekk fram i denne samtalen mellom oss to (som handar om båd tidsbesparing, motivasjon og større fagleg forståing)

Kritisk og teatralsk 
Eg vil no visa nokre konkrete døme på kva norsk-/MK-samarbeidet har ført til, og det fyrste dømet eg vil trekka fram, er også det nyaste: teaterkritikkar. Elevane skulle for nokre veker sidan sjå teaterstykket «Hellmyrsfolket» i samband med norskfaget, og så gjera eit stykket tekstelg etterarbeid. I lag med oss medielærar vart det avgjort at etterarbeidet skulle vera ein teaterkritikk og såleis handla om kompetansemål som argumentasjon, analyse, kulturhistorie og skriving med ei tydeleg hensikt (alt relevant for både norsk og media).

Prosjektet tok om lag ei veke, og elevane fekk bruka både norsk- og medietimar til å jobba med kritkkane. Dei fekk både undervegsvurdering  og karakter i begge fag, og resultatet vart eit godt stykke kulturkritisk arbeid. (klikk her for å lesa nokre utvalde kritikkar)

Elevane skreiv teaterkritikkar i tverrfagleg samarbeid mellom media og norsk
Elevane skreiv teaterkritikkar i tverrfagleg samarbeid mellom media og norsk

Mord, måker og svake menneske
Men det treng ikkje vera slik at kompetansemåla tangerer for at prosjekt skal vera nyttig for begge partar. Særemnet i norsk er eit døme på dette. For sjølv om multimodale tekstar opnebart er komptansemålet som gjer tverrfagleg særmene mogleg, kan ein ha eitt fokus i det eine faget, og eit anna fokus i det andre, og likevel jobbe fram mot eitt produkt som er relevant i begge fag.

I 2013-kullet var det særleg prosjekta til Liv Aarberg (bokomslag) og Ruben Alfheim (portrettintervju) som utmerka seg. Begge to lukkast ved å gjera grundige djupdykk i eit sjølvvald forfattarskap, ved å mellom anna vera i dialog med forfattaren, og begge to gjorde eit like grundig djupdykk i høvesvis design/foto og jorunalistikk.

Eg meiner dette er eit godt døme på ein kan jobba mot eit felles produkt, men med ulike kompetansemål. For det er jo openbart at ein i norskfaget ikkje kan bruka for mykje tid på t.d. design, akkurat som ein ikkje kan bruka for mykje tid på litteraturnalayse i mediefaget. Men ved å kombinera disiplinane sine ulike interesser får ein altså samla dei i eitt produkt som inneheld det beste frå to verdnar.

Både Aarberg og Alfheim fekke publisert arbeida sine gjennom omtale i Foreningen Les (her og her), og Alfheim fekk publisert sitt protrettintervju i Levanger avis.

Liv Aarberg designa bokomslag som ein del av sitt særemne i norsk.
Liv Aarberg designa bokomslag som ein del av sitt særemne i norsk.

Eit tredje døme som bør nemnast i denne samanhengen er novellfilmen til Isak Enger, Jørgen Robertsen og Sondre Vangsnes (2014-kullet). Filmen er basert på «Døden på direkten» av Tom Egeland, og basere seg, igjen, på å kombinera kompetansemål i både norsk- og mediefaget der nokre kompetansemål er felles (t.d dramturgi) og der andre er særeigen for dei ulike faga. Sjå novellefilmen her!

Medilærar Trygve Tollefsen forklarar i denne kommentar-versjonen av «Døden på direkten» meir om det tverrfaglige samarbeidet:

Bærekraft og statestikk
Norsk og media har moglegvis eit meir openbart grunnlag for samarbeid enn det andre fag har, men det ligg likevel eit samarbeidspotensiale i mange andre fag også. Det kanskje mest naturlige er å tenka media og samfunnsfag, då mediefaget i aller høgste grad også er eit samfunnsfag. Men også realfag kan dra nytte av det elles så ikkje-positivistiske mediefaget, og vice versa.

T.d. er bærekraftig utvikling eit senralt kompetansemål i naturfag, og i følge min kollega og naturfagslærar Kjetil Johansen, kan medietekstar som dokumentarfilmar, jorunalistisk artiklar og andre produkt som kan ha eit sakleg, informerande innhald, vurderast på lik linje med meir tradisjonelle oppgåveinnleveringar. Og som medielærara vil jo ei slik oppgåve vera god fordi ein i tillegg til eit teknisk og estetisk fokus, kan ha eit innhaldsfokus som naturfagslærarane vil kunne hjelpa til med å kvalitetsikra. Det vil altså ikkje handla om å laga filmar for naturfagslærarane, men å dra nytte av kvarandre sin kompetanse og faglege målsettingar.

I mattematikken (2P-Y) skal elevane samla inn, analysera, organisera, og presentera statestikk, og i følge Johansen kan dette gjerast både i form av å skriva talfokuserte journalistiske tekstar og journalistikk kritisk analyse. Tal og statestikk er viktige verktøy i journalistisk formidling, men journalistikken møter stundom kritikk for sin bruk av desse verktøya. Slik eg ser det, kan både mattefaget óg mediefaget har stor nytte av at vi slår oss saman når me jobbar med slike emne, fordi den matematiske statetsikkanalysen kan også bli breiare om den har kjennskap til, og tek omsyn til, jorunalistisk fortolkningspraksis.

Tidsklemma
Eg har ikkje skrive så mykje om utfordringar med tverrfaglig samarbeid. Tidsbruk, møter, årsplanar og oppgåvetekstar er likevel døme på område som kan bli ytterlagare kompliserte til fleire interesser som skal inkluderast. Fordi samarbeidet med norsk berre har «løyst seg» har eg ikkje så mykje å seia om dette, men eg vil tru at eit tverrfagleg samarbeid vil kreva ein ekstra innsats i starten av eit skuleår (enten før eller etter sommarferien) dersom ein skal gjera meir ut av det.

Framleis eit stykke igjen
MK-lærarane som var tilstades på Rogaland-samlinga hadde alle prøvd ut tverrfaglig samarbeid, og nemnde særelge norskfaget som eit aktuell partnar (sjå samskrivingsdokumentet frå samlinga). Likevel melde dei om del frustrasjon fordi dei følte det alltid var medielærarane som måtte ta initiativ til samarbeid.

Eg trur difor det er viktig, ja i grunn heilt essensielt, at diskusjonar om tverrfagleg samarbeid like mykje handlar om kva dei ulike faga kan gi til kvarandre, som det handler om kva dei ulike faga kan få av kvarandre. Fyrst då kan ein snakka om eit samarbeid på alle sine premissar.

Kommenter innlegget