Dataspel for faglige blikk

Kan The Witcher hjelpa elevar med å sjå og innta fleire ulike perspektiv?
Witche screen

Ei av dei tinga eg tykkjer er mest spanande med å jobba med som lærar, men som også er veldig vrient å få til, er å utvida elevane sitt repertoar av perspektiv og synsvinklar – fagleg sett. I Witcher The Wild Hunt kan ein heilt konkret og veldig visuelt veksla mellom perspektiv og synsvinklar, og eg skal i det følgjande innlegget forklara og visa (mellom anna vha av videoklipp) kvifor eg meiner spelopplevingar kan brukast til å oppnå større fagleg forståing.

Å stimulera evner
Lat det vera sagt med ein gong: eg forventar ikkje at elevane etter tre år på vgs skal ha same refleksjonsnivå som ein ferdig utdanna akademikar. På same vis som vi ikkje forventar at elevane skal vera utlærde fotografar, journalistar etter designarar etter tre år på media heller. Nei, det handlar om å dyrke fram og stimulera nokre evner. Og ei av desse evnene er altså eit metablikk på mediene som dei i opplæringan også skal sjå på som produsentar.

Men i samband med dette arbeidet støter eg ofte på eit dilemma. Ein del elevar ser nemleg på nokre av analyseomgrepa som arbeidsverktøy for mediefolk heller enn som ulike måter å beskriva mediene på.

Analyseverktøy vs. arbeidsverktøy
Lat oss bruka omgrepet “dagsordenfunksjonen” som døme. Omgrepet skal, litt forenkla sagt, beskriva den makta særleg journalistikken (men også ei rekkje andre aktørar) har til vera med på å prega kva emne borgarane i eit samfunn til ei kvar tid er opptekne av. Omgrepet er lett å forklara fordi ein alltid vil kunne visa til ei rekkje saker frå avis, TV og radio som nettopp er på dagsorden.

Ein kan vidare visa til hendingar som ikkje er dagsorden, for å tydelegjara at det handlar om profesjonalisert seleksjon. Men når så elevane skal bruka omgrepet sjølve, får eg stundom fråsegner som dette: “Og så kan jeg som journalist bruke dagsordenmakten til å få flere til å lese saken”. Som om dagsordenfunskjonen vart eit knep som kan brukast for å skapa merksemd.

Dette er jo ikkje direkte feil. Kunnskap om dagsordenfunksjonen kan brukast strategisk i ein kommunikasjonsprosess. Men det er ikkje hovudsakleg difor vi underviser i omgrepet, og det er heller ikkje den mest interessante eller viktige forståinga av omgrepet. For omgrepet skal jo i fremste rekkje visa den plassen og funksjonen journalistikken har og tek i vårt samfunn. Men å forstå omgrepet nærast som eit promoteringsverktøy ein journalist kan bruka etter behov, gir tydelegvis meir meining for einskilde.

Eg forstår godt kvifor. Å setja ord på og beskriva journalistikklogikkar og offentlegheitslogikkar er for mange ein meir krevende aktivitet enn å setja ord på produksjonsteknikkar. Og det å skulle sjå faglege spørsmål fra ulike ståstader er jo ikkje enkelt.

Witcher og GTA
Kva kan ein gjera med det? Vel, ein kan seia det omatt og omatt, at dagsordenfunskjonen ikkje i fremste rekkje er eit arbeidsverktøy for journalistar, men eit omgrep som skal sjå på journalistik i ein samfunnsfagleg og ofte maktkorienter kontekst. Men gjer ein det, er det ein viss sjanse for at ein må gjennom ein liknande prosess med andre, liknande omgrep også. I tillegg risikerer ein å forenkla omgrepa for mykje. For dagsordenomgrepet er jo faktisk meir enn eit analyseverktøy, og det handlar om mykje meir enn journalistikk.

Så kva om ein i staden kan visa dei som slit med slike tilnærmingar at det heile handlar om synsvinklar, og at alle typar praksisar også kan sjåast frå eit slikt metaperspketiv ? Her trur eg dataspel kan vera til hjelp.

Witcher The Wild Hunt, GTA V, Uncharted, Fallout 4, Just Cause er alle døme på spel der du styrer ein karakter, som du ser rett framføre deg (tredjepersonperspektivet – sjå video under for demonstrasjon). Di oppgåve som spelar er å vera spelkarakteren sin assistent, og å hjelpa han eller henne i å løysa større og mindre oppdrag vha verktøy i den verkelge verda (spelkontroller/mus/tastur) og verktøy i spelverda (våpen, nøklar, bøker, magiske krefter osb.).

Med eigen auge
Men du kan også innta eit anna perspektiv, nemleg førstepersonperspektivet (sjå video under for demonstrasjon). Oppgåva di er uendra: å hjelpa karakteren med å løysa eit oppdrag. Men no ser vi det frå ein litt annan synsvinkel. I staden for å sjå spelfiguren framføre deg, kjem du enno nærmare, og på eit vis inntek kroppen til spelfiguren slik at det blir litt som om det er du sjølv som vandrar rundt i speluniverset.

Snur du stikka mot venstre er det som om hovudet ditt snur seg mot venstre, og ser du ned ser du føter og hender, slik det er i røynda. Og i førstepersonspel der ein designar sin eigen karakter, får ein kanskje enno meir kjensla av at det er “mitt” oppdrag og “mi” oppleving, snarar enn ein spelfigura si oppleving, ein styrer.  (NB! for å få til dette i The Witcher treng ein spelet på PC og ein mod)

Med på avstand
I tillegg finnes det eit tredje perspektiv i mange spel: tilskodarperspektivet (sjå video under for demonstrasjon). Særleg i såkalla “cutsecenes” (små vidoesnuttar der handlingsforløpet går sin gang uavhengig av kva du som spelar gjer) er det tydeleg at du har rolle som tilskodar.

Uansett kvar du trykker, eller kven som ser scena, vil ho utspele seg nøyaktig slik spelskaparane har laga ho.

Overført til mediefaget, framleis med dagsordenfunksjonen som døme, kan me kanskje seia at førstepersonperspektivet er når eleven arbeider med praktisk journalistikk. Tredjepersonsperspektivet er når eleven skal forklare faglege val og vurdering, enten i eige arbeid eller i analyse av journalistiske tekstar – det framleis eit praktisk fokus, men frå eit litt meir distanser perspektiv.

Tilskodarperspektivet er når eleven snakkar om journalistikken sett utanfrå – kva den er, kva funksjonar den har, kva logikkar den operer etter, kva moglegheiter og avgrensingar den har osb.

Eit ankerfeste for kunnskap
Denne vekslinga mellom ulike perspektiv (som ved bruk av dataspel kan gjerast heilt konkret og veldig visuelt ved å trykka på knappar på spelkontrolleren) trur eg er altså er overførbart til teoriundervisninga. Og eg vonar det komande året å få sjansen til å ta spelet Witcher The Wild Hunt (som kan ha element av alle tre perspektiv) inn i klasserommet i von om å skap meir medvit kring det faktum at ein aktivt kan velga ulike synsvinklar og ståstader.

Her er det viktig at elevane også faktisk får spela, og oppleva forskjellane mellom dei ulike perspektiva, slik at øvinga ikkje blir like abstrakt som det poenget øvinga skal kasta nytt lys over. På dette viset kan spelinga også bli eit ankerfeste for kunnskap: “Hugsar de den gangen vi skifta mellom perspektiva i The Witcher….”.

Poenget er altså å få fram at det går an å veksla mellom ulike blikk på ein og same tingen, og det kan tenkjast at elevar som slit med å innta eit metaperspektiv kan meistra dette betre om ein bruker spel for å illustrera øvinga.

Ingen quickfix
Som med alle undervisningsmetodar er ikkje dataspel ein quickfix. Men så vidt eg kan sjå er dataspel det beste verktøyet me har til visa korleis ulike perspektiv mogleggjer ulike tilnærmingar. Og kanskje eit slikt medvit gjer metaperspektivet lettare å forstå og meistra?

Det er i alle høve verdt å teste ut!

Takk til Tobias Staaby for video 1 og 3. Videon 2 er henta frå YouTube-brukaren SkacikPL.

Ein tanke på “Dataspel for faglige blikk

  1. Hallo☺ Dette er bra og interessant!! Håper du kan teste dette ut og skrive om erfaringene dine etterhvert.

    Vennlig hilsen

    Svanhildur Gudmundsdóttir
    Høgskolelektor
    Høgskulen i Sogn og Fjordane
    telef + 47 57676267
    Pb 133
    6851 Sogndal

    Fra: Lektor Labergs Grublerier [mailto:comment-reply@wordpress.com]
    Sendt: 14. august 2016 11:20
    Til: Svanhildur Olôf Gudmundsdottir
    Emne: [Nytt innlegg] Dataspel for faglige blikk

    joachimlaberg posted: «Kan The Witcher hjelpa elevar med å sjå og innta fleire ulike faglege perspektiv? Ei av dei tinga eg tykkjer er mest spanande med å jobba med som lærar, men som også veldig vrient å få til, er å utvida elevane sitt repertoar av perspektiv og synsvink»

Kommenter innlegget