Ikkje gi ungdommen det du trur dei vil ha

Eg aner ein tendens til å undervurdera ungdom som publikum

blogg MBLung
Måtar å nå det unge publikumet var eit av emna under MBL sin ung-konferanse.

Vi på MK deltok nyleg på ein konferanse i regi Mediebedriftenes Landsforening der vi la fram arbeidet vi har gjort i samarbeid med TV2 Skole. Eit veldig spanande prosjekt som eg trur både vi og elevane vil ha mykje nytte av. I samband med denne konferansen vekk me også innblikk i ferske tal for unge sin mediebruk, ulike avishus sine strategiar for å nå unge lesara og også kritikk av desse strategiane. Eit veldig spanande program, med andre ord. Men det slo meg at ungdom tidvis vart omtalt som om dei bør få heilt andre typar innhald enn det vaksne får, og eg tenker at dette handler om ein tendens til å undervurdera ungdom som målgruppe. Og det er ikkje berre media som gjer dette mistaket. Så i dette blogginnlegg vil eg grubla litt over akkurat denne problemstillinga.

Under konferansen fekk me eit meget interessant innblikk i Fedrelandsvennen si urbane ungdomssatsing KRSby. Her har avisa forsøk å gjera seg meir tilgjengeleg for unge lesara (særleg studentar) ved å vera til stades på, og raportera frå stader og situasjoner der dei unge ferdast (som t.d. på campus og i utelivet). Representantane frå KRSby brukte sjølve ordet “knyisk” då dei omtalte prosjektet sitt, og hevda at dei lager det som faktisk blir lese. Det er det ingen grunn til å tvila på. Og for ein medielærar som er med på å driva eit mediehus er dette spanande og inspirerane tankar. Men for ein medielærar som skal driva allmendanning og opplæring i demokratideltaking er det litt skuffande. Og eg undrar: kva er ytterste konsekvens av ein slik tankegang?

Eg vil ikkje vera moralsk dommar her, men eg tenker det er verdt å grubla over. Og eg tenker det også er verdt å grubla over det som ser ut til å vera ein etablert idé om at ungdom som mediekonsumentar skal tilnærmast på anna vis enn eldre lesara.

Morten Holst i Innnocode hevda på konferansen at media har ein tendens til sjå på ungdom som merkeleg skapningar som treng noko heilt anna enn alle andre. Holst tok oppatt poenget i eit intervju Journalisten.no etter konferanse, og understreka at ungdom “er faktisk mennesker som alle andre, og de er interessert i mye av det samme som voksne folk.” Holste meiner det er presentasjonsformene som må endrast, ikkje nødvendigvis innhaldet, noko eg tenker eg ein fornuftig tanke.

Dette innlegget må ikkje lesast som eit argument for å totalt ignorera det faktum at ulike grupper vil føretrekka ulike typar innhald. Det er i staden eit argument for å utforska andre, kaskje mindre etablerte, tankar kring emnet, som t.d. ideen til Holst om at mediehusa alt har noko ungdom vil ha, men må finne nye måtar å presentera og tilgjengeleggjera stoffet på.

Det kan også spørjast om tanken om at ungdom treng noko anna enn alle andre ikkje berre gjeld for mediehus på jakt etter unge lesarar, men at tanken også har etablert seg som ei slags sanning, som t.d. er synleg hjå andre aktørar som presenterer stoff for ungdom, men som ikkje jobber med ungdom til dagleg. For å vera litt meir konkret: Tidvis er me med klassane på ulike tilstellingar for ungdom, og samstundes som det skal understrekast at eg set stor pris på slike arrangement, og på jobben folka bak gjer, let eg meg også frustrera over at sirkuselementet ofte blir skrudd opp, medan nyansane og kompleksiteten blir tona ned. Det er jo ikkje slik vi gjer det i undervsininga på vgs, så kvifor skulle konferansar for ungdom (som føregår i skuletida) vera annleis? Ein kan sjølvsagt innvenda at ungdom tykkjer tørt stoff er tungt. Men det tykkjer jo me vaksne også. Sjølv tykkjer eg det er mykje gøyare å lesa lett tilgjengelg stoff og høyra på rockemusikk enn å lesa samfunnsvitskapleg metode og høyra på Dagsnytt 18. Men når eg fyrst les slik litteratur, eller høyrer på slike program vil eg at dei skal beinseriøse, og berre det. Og me har vel alle både behov for, og glede av, både det lette og det tunge? Kvar til si tid?

Det skal understreka at dette er naturlegvis ikkje er eit uproblematisk eller enkelt tema. Om ein skal gi lesarane det dei klikker på, eller det dei burde klikka på, er jo ein diskusjon som ikkje berre gjeld ungdom, og som heller ikkje kan diskuterast utan å ta omsyn til store felt som mediepolitikk, norsk avistradisjon og offentligheitsideal. Når det pedagogiske aspektet kjem inn på toppen av det heile, må me i tillegg ta omsyn til skulen sitt samfunnsoppdrag, motivasjon og ulike pedagogiske metodar og ideal. I tillegg er det jo eit vrient definisjonsspørsmål om ein kan operera med skille mellom innhald og presentasjonsform i det heile. Eg vil likevel hevda, og eg tek gjerne imot motførestillingar her, at for mange aktørar i for stor grad undervurderer ungdom som målgruppe, og tenker at når ein presentrer seriøst stoff for dei så gjer det litt “vondt”.

Kommenter innlegget