«Faktisk» er eit feilspor

Skjermdump frå artikkel på VG.no

 

NRK, VG og Dagbladet tek opp kampen mot Falske nyhende med satsinga «Faktisk». Men mediehusa ser ikkje at falske nyhende berre er ein konsekvens av det verkeleg problemet: den innbitte og unyanserte kampen om sanninga.

Skal ein løysa problemet med falske nyhende, må ein løysa polariseringsproblemet fyrst. For det er kun i eit unyansert ordskifte at behovet for falske nyhende kan oppstå (utanom dei tilfella der dei er berre er laga for tena pengar, sjølvsagt).

Dersom mediehusa verkeleg skal gjera noko, så bør dei altså heller gjera noko for å få fram nyansane i ei sak, og ikkje prøva å finna sanninga med stor S. For det er det vi manglar i norsk offentlegheit: debattar som seier «det kan vera slik, slik og slik, men det kan også vera slik, slik og slik». Ytringar som ropar «høyr på meg, eg har sanninga», har vi nok av.

Problemet her er jo at i mange av emnene som går att norsk offentlegheit vil fleire ting vera sanne samstundes. Men folk bryr seg ikkje om dette. Dei vektlegg den sanning som er sannast i høve til deira verdiar.

DET bør mediehusa prøva å få fram.

I tillegg bør mediehusa kanskje byrja med eit større ideologikritisk fokus. Ikkje berre på ekstreme grupper, men på oss alle. Det vil hjelpa til med å kunne setja eit kritisk fokus også på argumentasjon og perspektiv, ikkje berre på meiningar og faktagrunnlag.

Ikkje det at fakta ikkje er viktig, for det er det. Men det er denne «kampen om fakta», mediehusa bør slå seg saman for å gjera noko med i staden for å sjølv bli ein aktør i denne kampen ved å tru at alt løyser seg om ein berre finn ut kven som har rett og kven som tek feil.

Ein tanke på “«Faktisk» er eit feilspor

Kommenter innlegget