Grubleriar om journalistar og ideologi

Frank Aarebrot (professor i samanliknande politikk) la også i år fram Medieundersøkelsen, som inkluderer spørsmål om journalistar sine politiske preferansar (Foto: Flickr.com/mediedager)
Frank Aarebrot (professor i samanliknande politikk) la også i år fram Medieundersøkelsen, som inkluderer spørsmål om journalistar sine politiske preferansar (Foto: Flickr.com/mediedager)

Ein jorunalistikkkritikk som legg for mykje vekt på partipolitiske peferansar, kjønn, etnistet og klasse kan stå i fare for å undervurdera det profesjonelle aspektet. Kritikken er likevel viktig.


Stortinget ville nok ein gong ha vore raudt dersom berre journalistar hadde hatt stemmerett i Norge. Dette kom fram på den årlege medieundersøkinga, presentert på Nordiske Mediedagar denne veka (#nmd14).

Likevel rår det brei semje om at dette har få konskevensar for journalistikken. Og det er ikkje berre journalistane sjølve som seier dette. Stortingsrepresentant for Frp, Ib Thomsen, som sat i årets kommentarpanel under mediekonferanse, meinte at dagens journalistikk frastår som politisk ufarga.

– Journalistane er i fremste rekkje profesjonelle, meinte Thomsen, som representerer det einaste av dei store norske partia som utslagsgivande sett ingen journalistar røyster på.

Og argumentet har støtte i forsking.

Balansert dekning
ein kronikk i Dagbladet i 2013, skreiv Jan Svennevig, Sonia Arisland og Anna Solvoll Rognmo ved Universitetet i Oslo at politisk farge har lite å seia for mengda kritiske spørsmål ein får frå journalistane. Det handlar i staden om partiet har makt eller ikkje.

«De borgelige partiene som satt ved makten i 2005 får flere kritiske spørsmål enn de rødgrønne i begge kanaler. I 2009 er bildet motsatt, da er det de rødgrønne regjeringspartiene som får flest»

«Dette kan tolkes slik at de kritiske spørsmålene brukes til å stille partiene som sitter ved makten til ansvar for den politikken de har ført.», meinte artikkelforfattarane.

Undersøkinga var basert på analyse av 32 utspørjingar fra partileiardebattane på NRK og TV2 i 2005 og 2009.

Det var likevel avvik.

Ib Thomsen i Frp (t.v.) meiner journalistikken ikkje er politisk farga. Thomsen var ein del av panelet som kommenterte Medieundersøkelsen (Foto: Flickr.com/mediedager)
Ib Thomsen i Frp (t.v.) meiner journalistikken ikkje er politisk farga. Thomsen var ein del av panelet som kommenterte Medieundersøkelsen (Foto: Flickr.com/mediedager)

Frp får mest pepper
«Frp får flere kritiske spørsmål enn de fleste andre partiene ved begge valg, på tross av at de ikke har sittet i regjering ved noen av valgene. Analysen gir altså en viss støtte til påstanden om at Frp møter mer motstand i mediene enn andre partier.», skreiv dei og gav støtte til det som har vore eit sentralt argument for dei som meiner at pressa er politisk farga.

At Thomsen frå nettopp Frp hevda han ikkje merka noko til ei slik skeivfordeling av kritiske spørsmål, kan tyda på at tendensen er liten.

Journalisme
Frå akademisk hald har det nemleg blitt ytra at den journalistiske yrkesideologien står langt sterkare i journalistikken enn journalistane sine partipreferansar. Altså at ideal om ei kritisk tilnærming, og ei orienterting mot nyheitskriteria på eit vis vil trumfa politisk tilhøyre.

Nyare journalistikkhistorie er jo også ei historie om å bevega seg fekk frå det politiske og over til det journalistiske. Vekk frå ei partipresse og over til ei uavhengig, samfunnskritiske presse (Ottosen et al skriv interessant om ein journalisme i Norske Pressehistorie 2012, sjekk også  ut Eide 2004).

Frå akademisk hald har journalistikken blitt beskrive som i fremste rekke journalistisk
Frå akademisk hald har journalistikken blitt beskrive som i fremste rekke journalistisk

Likevel kan ein ikkje slå fast at partipolitiske preferansar ikkje kan få konsekvensar for dei journalistiske tekstane.

Professoren kommenterer
– Til dømes i sluttfasen av ein valgkamp, når pressa mottek ei rekkje ulike ynskje om journalistisk dekning, kan det tenkjast at journalistane vel ein politikar frå eit parti dei sympatiserer med, argumenterte Frank Aarebrot, mannen bak Medieundersøkelsen (Eg huka tak i han på ein benk utanfor SV-fakultetet på laurdag, og fortalde om blogg-prosjektet mitt).

– Men om denne politkaren seier noko dumt, så vil journalisten naturlegvis dekka dette på same måte som han ville gjort om det var ein politkar han ikkje likte, la han til.

Det er med andre ord på dagsorden-nivå at ein moglegvis kan spora konsekvensen av politiske tilhøyre, og det handler altså om kven som får snakka, ikkje så mykje om kva dei får seia.

Samstundes skal ein ikkje gløyma at mellommenneskelege relasjonar også er ein faktor i kjeldevalg. Og som Aarebrot også understreka under mitt vesle, uformelle intervju med professoren, kan ein god relasjon mellom politikar og journalist også vera viktigare enn partipreferansar.

I tillegg tenkjer eg at det også er ein dimensjon til som er verdt å nemna i samband med journalistane sine partipreferansar.

Spørsmål frå venstre
Noverande kunnskapsministar Torbjørn Røe Isaksen skreiv nemleg på sin blogg i 2011 at: «norske medier har en tendens til å stille spørsmål fra venstre» (mi utheving). «Det dreier seg ofte om hvordan offentlig sektor kan og må gjøre mer, eller om folk som er «sviktet» av det offentlige.»

Eg tykkjer påstanden er spanande. For då handler det ikkje om kven ein stiller kritiske spørsmål til, kven ein intervjuar eller kven ein gir mest spalteplass. Det handlar om korleis ein fortolkar verda og kva verdisyn ein byggjer sin kritikk med utgangspunkt i – uavhengig om det er venstre- eller høgreida kritikken blir retta mot.

Og kanskje er det på dette nivået me bør leita om me skal drive journalistikkritikk av denne typen? Det er i alle høve her, på dei øvrige mediekritikkane med vekt på journalistane sin habitus, ein ser ut til å setja søkelyset.

Kulturforståing
Eg snakkar naturlegvis om mediedebattane om innvandring-, kjønn og klasse.

No er det store debattar med ei rekkje ulike perspektiv, men vil eg her sjå på ein tilsynelatande konsensus om at større representasjon av bestemte grupper i journaliststaben skal kunne føra til synlege endringar på tekstnivå. Altså eit premiss om at kven journalisten er vil vera essensiell for journalisten val av saker, kjelder, vinklingar.

Og kanskje er det noko i denne tankegangen. Pressehistorisk sett gjorde inntoget av kvinner noko med journalistikken fordi ein fekk nye emne og sjangrar inn i spaltene (i følgje pressehistoriker Else-Beth Roalsø i intervju med Forskning.no). Og i samband med krigsjournalistikk har det blitt hevda at personar som kjenner kulturen og språket i dei krigsherja områda, vil kunne bidra med nyansar og alternative perspektiv.

I debatten om innvandring og mediebruk, og i debatten om journalistisk omtale har det også blitt hevda at dekninga vil bli meir nyansert og mindre fordomsfull dersom mediebransjen hentar inn innhaldsprodusentar med t.d. innvandrarbakgrunn. Altså at etnisk og kulturelt mangfald i journalist- og mediestaben vil få synlege konseksvensar på tekstnivå.

Og ser me på klasseperpektivet, har ei undersøking (som eg ikkje finn att) vist at journalistar frå arbeidarklassen har eit meir pragmatisk og objektivitetsorientert syn på journlalistikken enn dei meir ideliastiske middelklassejournalistane.

No kan ein ikkje utan vidare samanlikna poliske preferensar med kultur, språk og klasse, og poenget her er ikkje å banalisera store og komplekse denbattar. Poenget mitt er at argumentasjonen byggjer på same logikk som argumentasjon me ser i debattane om dei venstrevridde journalistane, og at den tek for lite omsyntil at journalistikken er ein profesjon, men eige utdanningsløp, etiske regelverk, etablerte praksisar og tenkemåtar og ein jamn straum med publikasjonar som er med på å definera kva journalsitikk er/ikkje er (for ein grundig diskusjon om journalsitistikkens profesjonsgrenser, sjå Sjøvaag i Eide et al 2012).

Den viktige ideologikritikken
Ein journalistikkritikk kan likevel gjerne ha eit fokus på journalisten sin bakgrunn og verdiar, slik eg ser det. For på tross av ei profesjonalisert presse er det journalistiske virket eit fortolkningarbeid, og som kjent er det ikkje berre utdanninga vår som dannar grunnlaget for korleis me forstår verda.

Med ei rekkje praksisar og plakatar skal desse fortolkningane inn i eit rammeverk, som utvilsamt er mest journalstiske, og den mest interessante mediedebatten er jo også den som har fokus på medievridning.

Samstundes kan det tenkjast at dersom dei som engasjerer seg i jorunalistikkdebatten, dei som utøver yrket og dei som undersviser i journalistikk er ei relativt homogen gruppe, ligg det kanskje bestemte politiske ideologiar i journalistikkens grunnmur?

4 tankar på “Grubleriar om journalistar og ideologi

  1. Interessant å lese. Forslag til neste tema: FrP er blitt republikanere fordi kongehuset er for venstrevridde. Hva er medias rolle her? Eller noe sånt..

    1. He he, har dei det?! Ja, kanskje det er verdt eit lite studie. Medias rolle til Frp er jo i utgangspunktet veldig interessant…

  2. På Normedia skrev jeg for en del år siden, under en debatt om retten til politisk- og foreningstilhørighet, skrev jeg følgende. Vi er alle «medlemmer av frimurerne». Dette var selvfølgelig en en filosofisk påstand. Men likefullt, vi har alle sympatier overfor grupper, næringer, politiske parti, religiøse retninger osv. Det er vel engasjementet som er drivkraften for de fleste som driver journalistikk? Jeg tar meg selv i ofte å føle at sympatier påvirker min tenking.

  3. Takk for kommentar, Oddmund! Viktig poeng du kjem med. O eg også tykkjer det er problematisk å avvisa at ideologisk og politisk overtynad ikkje kan påverka oss. Også i profesjoneller samanhengar. Samstundes finnes det jo idologiske drivkrefter som ikkje er politiske. Som journlaist kan ein t.d. vera genuint oppteken av formidling og kritikk av alle etabalerte maktinnstansar, samstundes som på ein personleg finn nokre av desse maktinstansane er meir tiltalande enn andre. Som eg har grubla over i eit anna blogginnlegg her inne: Vi er meir enn politikk (https://lektorlaberg.com/2015/03/30/vi-er-meir-enn-politikk/).

    Er alle våre vurderingar farga av våre verdia? Eg veit ikkje, men det let jo loogisk. Kva anna skulle våre farga av? Men at verdiane alltid dei kan knyttast til bestemte politiske fløyar eller parti, trur eg ikkje. Og så er vi jo fulle av tilsyneltande motstriande verdiar alle saman. Er vi ikkje?

Kommenter innlegget