Kritikken er overdriven

Folk reagerer. Eg trekk på akslane.

Tone Damli Aaberge har fått born. Stas for ho. Stas for familien. Gratulere med det! Men saken har ei mørk side. For det var spelselskapet Betsson som fyrst var ute med nyhenda, og dei tradisjonelle nyhendemedia måtte difor  bruka Betsson som kjelde når dei i sin tur skulle melda om fødselen.

Faksimile frå Kampanje.com
Faksimile frå Kampanje.com

Preben Carlsen frå kommunikasjonsbyrået Trigger, skriv i en kommentar på Kampanje.com at dette viser «at det er et behov for å ta en debatt om hvor grensene bør gå for hva som er rett og galt når kommersielle aktører påtar seg rollen som nyhetsformidlere.» Han meiner det er problematisk at eit spelbyrå plutseleg tek på seg  rolla som nyheitsformidlar. Kommentaren til Carlsen er god, og bør lesast! Eg miner likevel Carlsen overdriver.

Storm i vannglass
For dette er kjendisnytt. Det er ikkje eit hinder for journalistikkens informasjonsoppdrag at kjendisnytt bli kommersialisert og formidla av aktørar som vanlegvis ikkje driv med nyheitsformidling. At Betsson tok eigeraskap på nyhenda om Tone sin fødsel truar ikkje kritisk jorunalistikk. Og me skal ikkje lata som om dette er fyrste gong kommersielle aktørar spekulerer i å kontrollere nyhende. Å framstilla det som eit nytt fenomen er feil. Når fekk  kommunikasjonsbransjen plutseleg reine hender?

Det er likevel rette at det er viktig å vera merksame på, og kritiske til, kven som formidlar nyhenda våra.  Joacim Lund i Aftensposten hadde nylig ein kommentar (to faktisk) der han minna om korleis Facebook har blitt ein gigantisk formidlar av nyhende, trass i at selskapet ikkje sjølve produserer medieinnhald.

Og det er også dette som er Cralsen sitt hovudpoeng:

Samtidig blåser spillselskapet liv i en viktig debatt om hvordan mediene må ta grep for å sikre at det er de som også i fremtiden vil være i førersetet i nyhetsformidlingen i Norge – fremfor å bli henvist til passasjersetet av kommersielle aktører som Betsson, som mer eller mindre direkte, kjøper eksklusivitet til populære underholdningsnyheter.

Kulturellt feonmen
Det er likevel ikkje rettvis å bruke denne saken som dystopisk grunnmur. Jo då, det er utvilsamt på tide at jouranlistikkens nye utfordringar blir sett på dagsorden. Men ikkje med utgangspunkt i kven som formildar kjendisnytt.

Tone, som det store kulturellet fenomene ho er, bør heilt klart dekkast på lik linje med andre store kulturelle fenomen. Men her snakker me om å føde eit born.

Betsson og Tone veit at dei seriøse nyhendekanalene vil ha desse sakene, og dei har funne ein måte å tena pengar på kjendisjournalistikken. Så lat dei få lov til det. Ja, litt fandenivoldsk vil eg seia at kanskje det til og med er litt fortent, all den tid kjendisjournalistikken faktisk alt er gjennomkommersiell og i liten grad prega av idealet om ei kritisk tilnærming.

For det er eit skilje her, mellom ulike typar journalistikk, og lat oss ikkje sausa dei samen. For sjølv om journalistar vil argumentera for at Tone-nytt også er nyhende av allmenn interesse, så vil eg som representant for ålmenta seia attende: Nei, det er det ikkje. (Som sogningen og tidlegare kollega, vil eg derimot seia, ja det er det).

VG og Dagbladet fyrst
Også Morten Hegseth i VG har kommentert saken, og stiller eit meir privatlivs-etisk, men likevel relevant spørsmål om kommersielle aktørar, som eit spelselskap, bør får eiga nyhenda om at eit nytt born har kome til verda. «Dette var selvfølgelig en nyhet som burde kommet enten fra henne selv eller familien», skriv Hegseth.

Men er det eigentleg kjendisane sjølve som formidlar slikt nytt? Moglegvis til sin følgjarar (som rett nok ofte er ei stor gruppe), men det er likevel dei tradisjonelle nyhendekanalane som gjer kjendisnytt til kjendisnytt.

No er det litt dårleg gjort av meg å gjera enkle poeng ut av ein tekst der Hegseth har sett seg ned og tenkt godt og fornuftig, og eg ber med dette om orsaking for mi ironisering. Men eg ser det likevel som høgst relevant å spørja om han ikkje eigentleg burde ha skrive:
«Dette var selvfølgelig en nyhet som burde kommet enten fra VG eller Dagbladet».

(mrk. skrivefeila mine skuldast ikkje latskap eller dumskap, men dysleksi)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s