Dagbladet publisert nylig min kritikk av filmkritikken.
Her er litt om tankane mine rundt kronikken, og aspekt som ikkje kome med:
Me treng dette
Eg er stor fan av Ed Brukbaker sin Captain America, og har lenge tenkt at det burde vore skrive noko om dette i norske dagspresse. Ingen har gjort det, så eg tok på meg ansvaret.
Pressekritikk
Men når eg fyrst skulle skriva noko, ville eg ha med ein pressekritisk dimensjon også. Eg har lenge irritert meg over at kritikarar i så lite grad påpeikar og kritiserer den mørke trenden i populærkulturen, og kronikken min er eit argumnet for eit større metaperspektiv.
Høgt og lågt
Det eg ikkje kom innpå i kronikken, men som eg gjerne skulle ha skrive om, er skiljet mellom høg og lågkultur.
Slik eg har oppfatta tilhøva er det no rimeleg brei semje om at dei klassike skilja mellom høgt og lågt (t.d. opera og teater vs popmusikk og film) ikkje er så relevante å operar med. Men det er ikkje dermed sagt at det ikkje finnes skilje mellom høgt og lågt.
Elitemakt
Om me skal ta utgangspunkt i at dei som er tilsette i dagspressa for å meina noko om kultur er ein slags elite (eg meiner det er veldig realistiske å bruka eit slikt omgrep), kan me sjå korleis eliten framhevar visse medietekstar over andre. Dett er synleg både i kritikkar, i førehandssaker (ala «dette skjer i neste sesong av ….»), i artiklar der TV-seriar, musikk eller film vert brukte som referanse på god kvaliet, og i den nyare trenden med å diskutera TV-seriar i avis-TV og på Twitter. Dei typane tekstar som vert framheva i desse samnhengane ser for meg ut til å vera henta frå eit lite utvalg. Felles nemnaren ser ut til å vera drama med psykologisk edge, ein vesentleg prosjon brutal vald, mangel på tradisjonelle heltar og visuelt mørke, grå og blå bilete.
Med dette som premiss miner eg vi kan snakka om eit skilje mellom høgt og lågt innafor populærkulturen genrelt og audiovisuell underhalning spesielt, og akkaurat det aspektet skulle eg ynskje eg hadde teke med i kronikken.
Ingen fan
No skal eg ikkje legga skjul på at eg personleg er lite begeistra for den mørk, psykologiske trenden i film og TV, og min kritikk har rot i ein kjensal av urettmessig degradering av det eg ser på som gode medietekstar. Etter å lidd meg gjennom ein halv sesong med Homeland har eg fått koseptet med antiheltar med issues enno lengr opp i halsen enn eg hadde. Og eg har enno ikkje tord å byrja på Breaking Bad. Kanskje er det djevelens advokat i meg. Kanskje er det for mange timar med MacGyver. Uansett tenker eg at det kulturjournalistikken og kunstkritikken si plikt å identifisera, påpeika og kritisera trendar og samskparadigme, også når kritikara liker det dei ser.
testkommentar