Kritiske spørsmål og kritiske svar

Sidan innslaget på Dagsnytt 18 vart så kort skal eg svare på ein del kritiske spørsmål her i staden.

1) “Det er jo omvendt av det du skriv. Sosial medier har jo gjort ting meir synleg, ikkje mindre!” Ja då, eg har har fått med meg at sosiale medier gjer at fleire slepp til og at ting lettare blir delt – og såleis blir lest av fleire. Men eg nemner det ikkje, fordi det er velkjend. Dvs. eg trudde det var velkjend. Men alle stader der kronikken har blitt delt har dette kome opp. Som om det er irrelevant å diskutera mediebruk i eit klasseperspektiv i dag fordi tilhøve var verre før.

Ja, Facebook har gitt oss fleire kanalar, fleire stemmer og utfordra redaktørmakta. Eg gir ein stor tommel opp til alt dette. Men når dei tradisjonelle mediene bygger ned sine opne og synlege lågterskel debattfunksjonar (også kjend som kommentarfeltet) samstundes som samfunnsdebatten flyttar inn på veggen til einskildpersonar, meiner eg altså at det er relevant å reise problemstillinga også i dag.

2) “Men mange av desse Facbook-veggane er jo opne”, får eg så høyra. Og det er eit godt poeng. Men sjølv om ein ofte kan lesa det som vert skrive på desse veggane, så kan ein ikkje alltid kommentera sjølv. Og for i det heile koma dit der ein får lesa (og eventuelt kommentera) så må ein vita kvar ein skal leita, og det er ikkje openbart.

Eg, t.d., er ikkje ein del av eit elitenettverk med høgt tale følgjarar og vener, og mine Facebook-statusar når ikkje ut til mange. Eg har masse engasjerte og smarte venner, men vi (kanskje utanom min tidlegare sjef, Lin Holvik) når som regel ikkje lenger ut enn til folk vi faktiske kjenner in real life + nokre fagfeller vi har stifta kjennskap med gjennom jobb. At det føregjekk store, interessante debattar på Facebook sidene til mine nye bekjentskap Mimir Kristjansson og Ingeborg Senneset (og mange andre med dei), visste eg ikkje før ganske nyleg. At fleire av dei som i Aftenposten var nemnde som “verdt å følgje” fekk mange følgjarar etter at avisa skreiv om problemstilinga, understrekar jo også poenget om at det har vore interessante aktørar der som mange ikkje har sett.

Dei tradisjonelle mediene derimot, kjenner dei fleste til frå før. Det må vi kunne rekne med. Men vi kan ikkje rekne med at folk veit kven som er kven i norsk prateklasse. For som ein kollega sa til meg nyleg: “Kven er Kjetil Rolness? Burde eg vita kven det er?

3) “Det er jo lett å finne fram til denne prateklassen”. Usamd. Jo, for nokre er det nok det. For andre krev det nok meir ressursar enn det dei er villig til å bruka. Og det er akkurat difor eg meiner dei tradisjonelle mediene, dei velkjende kanalane, må stryrka sine debattarenaer, ikkje svekka dei.

4) “Men mediene tek jo desse debattane ut frå Facebook og inn i dei velkjende kanalane” Ja, det stemmer. I 2015 vart frasen “på Facebook” brukt over 16.000 gonger i norske aviser. Alle desse sakene er naturlegvis ikkje oppsummeringar av meiningsutveklsingar på Facebook, men tala illustrere at hendingar i sosiale medier også vert omtalt i dei tradisjonelle mediene.

Og som nemnde Kristjansson sa under gårsdagens debatt på radioen:  “Vegen er ikkje kort frå at eg skriv ein rasande, bitter kommentar på Facebook til de i Dagsnytt 18 slår på tråden”.

Slik er det ikkje for meg. Slik er det ikkje for mine samfunnsengasjerte vener som Margreta Tveisme eller Arve Asknes, og slik er det ikkje for spelpedagogane Tobias Staaby og Aleksander Husøy som på mange måter alt “har eit namn” innafor gaming-feltet. Slik er det ikkje for resten av venen mine, venen deira, eller venane deira igjen. Det er ein (hovudsakleg) liten eliten som kan forventa å få sine Facebook-bruk gjort om til nyhende, sjølv om blogg og sosiale medier har nynasert utvida krinsen noko.

Dessutan er det slik at Facebook-kommentarar, i likskap med andre hendingar, må ha nyheitsverdi, og dei fleste Facebook-samtalar har jo ikkje det. Og om ein kjem til det punktet der ein diskusjon i sosiale medier faktisk får omtale, og ein på den måten får innsyn som ein ikkje hadde frå før, er ikkje det å lesa om den i ettertid det same som å delta i den medan den pågår. Så at tradisjonelle medier sin omtale av hendingar på elitens Facebook-vegger er ei erstatning for manglande innsyn, kjøper eg ikkje. Eg er trur heller ikkje journalistar ville godtatt ein slik argumentasjon om det t.d. var snakk om innsyn i “maktens korridorer”.

5) “Men kronikkspaltene og debattprogramma i radioen har jo alltid vore forbeholdt ein elite”. Ja, og det som ofte vert rekna som den fyrste moderne offentligheten var forbeholdt menn.

“Så Facebook har demokratisert”. Ja, det stemmer. Men når stadig fleire diskusjonar føregår på halvopne sider, styrt av personar som ikkje har eit samfunnsoppdrag som rettsnor, kan ein likevel snakka om ekskludering – sjølv om ting var verre før.

6) Skal ein svekka redaktøransvaret då, og sleppa alle til? Nei, ein skal heller skjerpa redaktøransvaret og syta for at samfunnsoppdraget som inneber å vera ein arena for debatt og å syte for at ulike syns kjem til uttrykk, får enno meir fokus enn det har i dag.

Eit av tiltaka kan vera å styrka kommentarfeltet framfor å svekka det.

7) “Men kommentarfeltet er jo ein søppelarena” Nei, det er ikkje det. Eller, ein kan jo meine at det er det. Og mange meiner akkurat det. Det har ikkje mangla anekdotiske bevis på hat, rasisme og til og med valdstruslar når kommentarfeltet har blitt omtalt i samfunnsdebatten. Og om ein les rapporten Status for Ytringsfrihet i Norge ser ein både at mange har opplevd trakassering  og truslar óg at mange av ulike årsaker vegrar seg for å delta i debatt på nettet.

Det skal likevel understrekast at fleirtalet av befolkninga ikkje har opplevd trakssering på nett, og forfattarane av rapporten kommenterer dette med referansar til nettopp trakesseringsfokuset i det offentlige ordskiftet, slik eg også gjer. Det skal også understrekast at empiriske studier finn lite støtte for den dystopiske kommentarfeltkritikken. Eg gjekk gjennom nokre av dei i dette blogginnlegget for to år sidan, og eg vil også nemna boka Liker -liker ikke som gir ei tilsvarande “friskemelding” av fenomenet, men sjølvsagt utan å sjå vekk frå det faktum at det finnes ein høglytt minoritet med liten grad av tillitt til makta og det offentlige, som dominerer spesielt i debatten om innvandring.

Eg presiserte i kronikken min at kommentarfeltet har mange hatefulle innlegg, og at dette er svært alvorleg. Men i denne samanhengen var det viktigare at det er ein arena med låg terskel for deltaking og at det er ein arena som blir brukt og difor truleg har verdi for dei som bruker den. Det er også slik at det er andre brukarar her enn dei som skriv kronikkar og blir intervjua på Dagsnytt 18, og forsvinn kommentarfeltet så forsvinn også mange sin moglegheit til å delta i synleg debatt.

8) “Men alle kan jo oppretta ein blogg, eller skriva på Facebook” Ja, men det betyr ikkje at ein blir sett og høyrd. Kommentarfelta er ein tilgjengeleg og synleg arena.

Er kommentarfeltet den beste løysinga då? Nei, slett ikkje, men det har kome så mykje kommentarfeltkritikk at det var viktig for meg å få fram andre argument enn dei me vanlegvis ser.

Så eg meiner Facebook-diskusjonar er ein negativ ting? Nei, det meiner eg slett ikkje. Det er ingen grunn til å laga ein falsk dikotomi her. Vi må ikkje velga mellom enten diskusjonar på Facebook eller i dei tradisjonelle mediene for å kunne grubla over kvar vi vil at dei store debattane skal føregå.

Det ein derimot kan gjera er å be dei tradisjonelle mediene gjera seg til ein så attraktiv debattarena at det blir det føretrukne arenaen framover.

Kommenter innlegget