Retten til å definera hat

Ord som hat og netthat vert brukt meir og meir om ytringar me ikkje likar. Er hatet på nettet aukande, eller er det bere tale om eit anvendbart moteord?Hat-narrativet har ikkje støtte i medieforskinga, og det kan spørjast om den generaliserte forteljing om den hatfulle nettdebatten er riktig i det heile.

 

Medie har stadig netthat på dagsorden, men er det rett fokus, for mykje fokus og rett type kritikk?

Lat det berre vera sagt med ein gong: Målet med dette innlegget er ikkje å avvisa at det finnes hat i nettdebatten, eller å bagatelisera problema det fører med seg for dei som vert utsette for faktisk hat. Formålet er å problematisera den akuande tendensen til å kalla alle typar kritikk, også legitim kritkk, for hat. Og til å halda fram med å dyrka ideen om kommentarfelta som ein hatsk arena.

Here we go again
Samfunnsdebatten har vore brennheit i sommar, med emner som kvinner i musikkbransjen,  22. juli og nordmenn sine haldningar til det fleirkulturelle Noreg, og Israel/Palestina (igjen, desverre).

Som ein del av desse debattane, har også metadebatten rast. Som den alltid gjer. Noko har sagt noko som andre ikkje likar, gjerne formulert på ein måten som dei ikkje likar, og så er vi igang att. Folk føler seg utsette for hat (det nye ordet for sjikane) og mellom linjene seier dei at dette må det bli slutt på.

Ordet er openbart på moten, og bli stadig oftar brukt som omgrep i norske aviser (sjå bilete over statestikk for papiravisene under (nettavissøk ville nok hatt enno fleire treff).

Netthatstatestikk
Ordet netthat blir stadig oftare brukt i og av norsk presse. Frå 22 artikkeltreff i 2012 til dobbelt så mange i 2013. Halvvegs i 2014 er vi alt oppe i 31 tilfeller. Det kan sjølvsagt tenkjast at netthatet har auka tilsvarande, men dette er lite sannsynleg (jamfør forskinga eg viser til i innlegget mitt).

Eg meiner altså at me ser ein tendens til å overdriva problemet med usemje i debattar, og til å misbruka ordet «hat». Og eg støtter meg både på eigne obserevasjonar og fleire empiriske undersøkingar i denne påstanden.

Hat-narrativet har lite empirisk hald
I den årlige Medieundersøkelsen (2014) kom det fram at få har opplevd å bli personleg hetsa i sosiale medier (14% av ungdom, 5% av dei over 25 , 18% av jornalistane svarte ja på spørsmål om dei hadde oppleve personleg hets). Det var også understreka under framlegginga av undersøkinga av talet var låg, særleg med kjennskap til den voldsame tematiseringa av emnet i media. Men når så 38% prosent av redaktørane seier dei har blitt personleg hetsa, forklarar det kanskje det store mediefokuset?

Dagbladet kunne i fjor sitera to ulike forskarar på at «nettdebatten er bedre enn sitt rykte«, og i ein kronikk i Aftenposten (2014) om emnet skreiv Zlata Burova at:

«Nyere forskning (f.eks. Bergs (2011) studie av norske debattforumer og Korsliens (2013) studie av kommentarfelt i norske nettaviser) har påvist at det er lite aggresjon i debattfeltene i de norske nettavisene. I min masteroppgave kom jeg frem til det samme. Personangrep var registrert i kun 2 prosent av innleggene, og disse tilhørte alle nyhetssaker om politikk.»

I kommentarfeltet la Burova også til at i «min studie hadde jeg to kategorier som jeg fant ingen eksempler på mens jeg drev med koding av min innsamlede data. Disse var «Hat og fordommer» og «Trusler og aggresjon».  Mi utheving. (mrk. Burova sin kronikk var ikkje preimært vinkling mot hets/hat-emnet).

Likevel bruker både jorunalistar og deira kjelder ofte omgrepet hat, og framstiller nettdebatten som ein utprega arena for hatretorikk.

Dette må me sjå nærare på. Lat oss ta ei aktuell sak som utgangspunkt, som delvis kan forklara fokuset på hat.

Sidsle Wold og kvinne-hat
Sidsel Wold vart nyleg kritisert for sitt journalistiske arbeid i samband med Gaza-dekninga , og hennar konklusjon var at kritikken kom frå sinte menn. «Menn som hater kvinner», konkluderte Wold til VG

Her er to av tre sitat VG henta fram for å illustrera kva Wold hadde vore utsett for: «Sidsel Wold er kunnskapsløs. Derfor er hun udugelig som journalist» og «Wold er et stort problem for norske medier, siden de notorisk rapporterer falskt». (eg veit ikkje om det er utdrag eller fullstenidge sitat)

Begge sitata er frekke og unyanserte, men dei handlar om Wold som yrkesutøvar og om norsk journalistikk. Eg miner dette er heilt legitim krtikk, sjølv om eg personleg hadde føretrukke ein finare språk.

Så kan ein jo hevda at, som sant er, at sitata er basert på usanne, konstruerte fakta, med tanke på at Wold ikkje er kunnskapslaus og norske medier ikkje notorisk rapporterer feil (ein slik påstand har t.d ikkje hald i medieforskinga).

Er det difor hat? Er hat eit passande ord for skarp kritikk som bygger på usanne (i beste fall overdriven) konklusjonar? I så høve er svært mykje av det som pregar meinigssidene i dagspressa også hat. For stadig les eg kritiske innlegg med uheldige forenklingar og sentrale manglar. Unynasert og genraliserande kommentarar om sine meiningsmotastandarar og idelogiske fiendar.

Men kanskje det er her grensa går? Ja, det kan eg forsåvidt godta. Og at det tredje sitate VG hentar fram, «Sidsel Wold er falsk og full av løgn», vert klassifisert som hat, har eg ingen problem med, sjølv om eg ikkje ser kjønsaspektet («menn som hater kvinner») i nokre av desse kommentarane (det er heller ikkje sannsynleg at meldingane hadde vore annleis dersom Wold var mann (jamfør kritikken (eller hatet?) mot Fredrik Græsvik)).

Mykje på ein gong
Noko som også kan forklara bruken av ordet hat, er den enorme mengda krtikk einskilde journalistar og samfunnsdebattantar møter når dei ytra seg offentleg om etiske vanskeleg og betente emne. Nemnde Græsvik fortalde om 2000 kritiske meldingar etter å ha dekt Gaza-konflikten som reportar i sommar. Det er ikkje vanskeleg å forstå at det er frustrerande å møta ei slik motbør når ein sjølv meiner ein har gjort eit godt stykke arbeid. Enten det er ved å delta i eit ordskifte, eller ved å raportera frå krig.

Græsvik karakteriserte sjølv meldingane som «hatmeldinger», og puttar på den måten både alle kritikaren sine, og all kritikk, inn i ein ganske ufin bås. No er det ikkje sikkert eg og Græsvik har lese dei samme kommentarane. Kanskje Græsvik har fått eit hav av stygge, personlege meldingar, som aldri har vore tilgjengeleg for ålmenta. Men av dei eg har lese har det meste vore legitim journalistisk kritikk – om enn noko unaynsert. For «hat» er nemleg ikkje ein god omtale av den gjengse nettdebattkommentar. Og det er eit uhyre viktig poeng her.

Svakt genraliseringsgrunnlag
Hansine Korslien fann nemleg i si masteroppgåve om kommentarfeltet at heile «83 % av innholdet var ytringer der deltagerne begrunnet sine påstander med argumentasjon og var uenige med hverandre». Også ho understreka det mange andre akademikarar har understreka. Nemleg at «Den seiglivede myten om at nettdebatten består av hets og hat får stor plass i norsk offentlighet. Men bak myten ligger forskning som viser at nettdebatten er langt bedre enn sitt rykte». (kjelde)

Problemet med hat-omgrepet, slik det vert brukt i samfunnsdebatten no for tida, er altså at det er for altomgripande. Det vert ikkje tek omsyn til at det er ein mur av gråsånar mellom kritikk og hat, og at sjølv om ein person i kommentarfeltet sprer hat er det ikkje gitt at alle gjer det.

Vidare er det ein tendens til å tolka alle krasse kommentara som ein tendens på eit større samfunnsproblem. Eit hat. Som om ein har eit behov for delegimitera sine kritikarar ved å putta dei inn i ein taparbås med merkelappen «Unge, sinte, nettroll-menn som hater kvinner er rasisstiske».

No er det riktig at dei fleste i kommentarfletet er menn. Men dei er ikkje unge. Dei er eldre og har lågare utdanning enn dei som deltek i sosiale medier elles. Også påstanden om høgrevriding er riktig. (kjelde). Og så klart finnes det invidid som passar inn i kategorien «netttroll» (sjølv om også det blir brukt feil – netttroll er strengt tatt ein som provoserer berre for å provosera) . Individ som viser stor forrakt for politikarar, akademikarar, journalistar og alt raudare enne Frp. Men det kjem altså ikkje meir hat frå kommentarfelte enn andre kanalar, og i det heile er netthat eit realitivt lite problem!

Respekt for andre sine meinigar
Det er, som sagt, fullt forståeleg at ein kan reagera med sinne og frustasjon når ein får 2000 kritiske komentara, der me kan anta at mange av dei er unyansert, og ein del sikkert langt over grensa for kva som bør askepterast i debatt (jamfør det faktum at drap- og valdtekststrugslar faktiske førekjem også nettdebatt). Men det er ikkje berre i tilfelle som Græsvik at vi høyrer om netthatet, eller alle dei fæla folk i kommentarfletet. Som eg åtvara mot i 2012, er uthemning av nettdebattantar blitt legitimt, men akkurat den trenden kallar me visst ikkje for «hat».

Snålt det der, korleis arbeiderklassen er legitimie skyteskiver, medan den utdanna midellklassen som rår i det redigerte ordskiftet får kalla sine kritikarar for hatfulle.

Bør ikkje nettopp dei som ynskjer å vera premissleverandørar for etikk og moral vera i stand til å sjå si eiga definisjonsmakt og vita at eit kritisk blikk på slik symbolsk makt er eit sunnheitsteikn i eit demokrati.

Kvar er respekten for å ha plass til ulike røyster? Kvar er respekten for at avislesarane meiner noko om det offentlige ordksifte og etterlyser fleire perspektiv i journalistikken?
Og kva er den akademiske evna til alle desse utdanna, sjølvæklærte forhatte, middelklassen skal til å sjå at også kommentar, kronikk, og meinigsstoff tidvis kan vera like uanyansert og skarpt som nokre av dei tøffaste nettdebattkommentarane? Berre at desse tekstane har finare språkdrakt.

Aldri hat på kommentarplass
Ein venstleg premiss for hat-narrativet ser nemleg ut til å vera at einskilde medium er betre enn andre. At hat er det som kommentarfelta-folk driv med. Kva dei som skriv kronikkar og debattinlegg  driv med, vert aldri spesifisert, men det ligg implisitt at det hvertfall ikkje er hat. For hat er jo kommentaren som følger i kjølvatnet av skikkelege artiklar, mp vita.

Tja. Om eg igjen, for argumentet si skuld, skal gå med på at skarpe, kritiske, genaraliserande innlegg faktisk bør klassifiserast som hat, så vil eg seia at det er mykje hat også i meiningsinnlegga avisene publiserer.

Lat oss ta eit døme. Dette innlegget frå berre nokre dagar sidan, har openbart eit godt motiv. Men det invitere slett ikkje til sakleg meinigsutveklsing. Det opnar ikkje for debatt om moral. Det overser at det det kan finnast ulike kontekstar. Og det er langt meir generaliserande og ufint enn mykje av det eg les i kommentarfeltet. I beste fall like ille. Men det formidlar ei heilt legitim og god kjensle av å ville retta opp i urett. Akkurat som mange av kommentarane i nettdebatten formdilar heilt legitim kritikk av journalistikk, multikultur, femininsme, politikk eller kva som no er på agendane. At mykje av det er dårleg, ja så visst. Men forskjellen er at medan innlegg av typen over vert delt som «flott skrevet av en modig ung kvinne», vert kommentarfeltet refert til som hat. Det er urettvis. Og galt.

Eg meiner ikkje at det nemde innlegget skal kallast hat. Eg meiner at me skal tillata litt kjensler i samfunnsdebatten. Litt frustrasjon. Litt sinne. Og med ei digitalisert og demokratisert samfunnsdebatt er dessutan eit breidt spekter av ulike argumenatsjonslogikkar ein naturleg konsekvens. Kva som skil innlegget frå det som elles vert klassifisert som hat, har eg vanskeleg for å sjå. Dvs langs ein politikkideologisk venstre-/høgreakse er dei på kvar sin ende, men om det slik me skal skilja hat frå ikkje-hat har me eit langt større debattproblem enn at nokon skriv sinte innlegg.

Kva er eigentleg best?
Eg er litt usamd med meg sjølv. På den eine sida skulle eg gjerne sett at samfunnsdebatten berre var preg av kunnskapstunge, nyanserte innlegg, og at om nokon ville koma med kritikk så måtte det vera gjennomtenkt og velformulert. Eg vert akkurat like frustret når eg les i kommentarfeltet at AP er eit venstreekstremt parti som tillet fri innvandirng til Noreg, som eg blir når eg les feminitiske kronikkar som brukar kjønn som einaste forklaringsfaktor på ei rekkje komplekse forhold og prosessar. Eg hadde vor eit lukkelegare mennekse om begge deler forsvann.

På den andre sida er eg fan av at alle skal få sleppa til. Eg er fan av frisk ordbruk og steile frontar. Det eg ikkje er fan av er dobbelmoralsk elitisme som retorisk umyndiggjer alle som ikkje meiner dei rette tinga utan doktorgrad å kvile sine meinigar på, samstundes som uanynasert, lette og frekke kommentara med «riktige» meinigar vert løfta fram og hylla.

Så eg konkluderer førbels med at me må slutta å kalle det me ikkje liker for hat, med mindre det faktisk er snakk om stygt hat med trugslar om vald. Og så må me heller feira det faktum at me er ei befolkning som både kan og vil varskua når me ser noko me meiner er feil. Som bruker arena funksjonen til presse på å formulera meingar og delta i samfunnsdebatten på den måten kvar av oss kan.

Gi meg litt motstand
Eg vil til slutt be dei som er usamde i denne tankerekka, og som meiner kommentarfletet faktisk er gjennomgåande hatefult, om å forklara kva dei meiner me kan klassifisera som hat. Eg stiller bloggen min til diposisjon for nyanserte kritikkar av mitt resonemnet. Les det grundig fyrst då!

2 tankar på “Retten til å definera hat

  1. Vanskelig å kritisere et så godt og balansert innlegg! Hat er et sterkt ord – alt for sterkt til å brukes så ofte som det gjør. Synes allikevel at holdninger som kommer fram på sosiale medier og i kommentarfelt er svært skremmende. Disse må møtes på et annet vis enn med beskyldninger om dumhet og hat. Den som visste hvordan…

    1. Kjekt at du opplever innlegget som balansert. Det var viktig for meg å få til. Og takk for kommentar!

      Ja, det er ei vrien problemstilling du nemner der. Kanskje noko av løysinga ligg å visa at ein tek kritikken og frustrsjonen på alvor? Kanskje ein må svarar «ja, du har rett i at….., men det blit feil når du….»? Eg trur mange i kommentarfeltet føler seg misforståtte og oversett.

Kommenter innlegget