Fire debattinnlegg vi ikkje treng i 2016, og eit vi treng sårt

Norsk samfunnsdebatt treng nyorientering i 2016. Det må debattredaktørane fiksa!
cropped-lektorlabergheader.jpg

Dette innlegget skreiv eg med tanke på publisering i dagspressa, og det vart i går lagt ut på Aftenposten sin nettavis. Her kjem det i bloggform.

Debattstoff i avisene er mykje lest, mykje delt og passer godt inn i eit større bilete der vi alle både kan vera vår eigen debattredaktør og kommentator. Og vi elskhatar det. Ja, det er vel knapt noko som fyrer folk i Noreg meir opp enn når “nokon har sagt noko”.

Det som hovudsakleg skil debatt i avisene og debatt i sosiale media er den profesjonelle redaktøren. Dei som til slutt seier “ja, dette publiserer vi, og dette publiserer vi ikkje”.

Det er viktig at noko har ein slik funksjon i ei samtid overlessa med informasjon og meiningar. Men eg trur ikkje at alle lesarar er medvitne om at det faktisk sit nokon med denne typen makt. Og eg trur mykje av kritikken som vert retta mot forfattarane av debattinnlegg burde vore retta mot redaktørane i staden.

Så for å plassere kritikken der den høyrer heime, synleggjera redaktørmakta, og samstundes formulera nokre mål for det komande året:

Her kjem mi ynskjeliste til redaksjonane med 5 punkt for ein betre samfunnsdebatt i 2016.

1) Set ein stoggar for kjenslene
“Jeg fikk ikke sove da jeg leste dette”

“Det gikk et gufs gjennom meg da jeg så hva han hadde skrevet”.

“Jeg griner meg i søvn når jeg tenker på at folk kan mene noe sånt”.

Detter er vanlege argument i norsk samfunnsdebatt.

Det er sjølvsagt trist at folk blir leie seg. Og det er klart at avisene også bør visa fram denne typen ytringar, fordi dei er ein del av meiningsmangfaldet. Men det har gått for langt. Det har danna seg ein retorisk ukultur i norsk offentlegheit, og det er på tide at dei rasjonelle argumenta – som også finst i samfunnet – i større grad vert løfta fram.

Einskilde vil kanskje innvenda her ein ikkje kan meina noko utan å føla noko, og at kjensler er ein like viktige del mennesket som fornufta. Og det er heilt riktig det. Men det tyder ikkje at kjensler treng vera grunnsteinen i ein argumenterande tekst.

Om 2015 var året då alle var krenka, kan debattredaktørane syta for at 2016 bli året det er alle skulle vera så fornuftige.

2) Dropp innlegg som berre er karakterisering av meiningsmotstandarar

Eg har alltid tenkt at det er noko som er riv ruskande gale når karakteristikkar som “fascist”, “rasist”, “framandfrykt”, “dårleg menneskesyn” og “nettroll” er dei einaste argumenta ein kan møta asyl- og innvandringsmotstandarar med. Finnes det verkelg ikkje betre motargument? Klart det gjer. Og debattredaktørar må legge til rette for at det er desse røystene som får dominera i større grad.

Filosofen Hans Skjervheim kallar det mistankens hermeneutikk når ein er meir interessert i å diagnostisera sin samtalepartnarar enn å ta stilling om det dei hevdar er sant eller ikkje. For spørsmålet om noko er sant eller ikkje (t.d. om meir innvandring fører til meir kriminalitet) avhenger ikkje av opphavspersonen sin ideologiske ståstad. De er sjølvsagt relevant å vita kva for politiske og ideologiske grupperingar vi har i eit samfunn og korleis desse argumenterer. Men ein må då vera klar over kva for type spørsmål som kan besvarast ved ideologiske båssetjing og ideologisk kritikk og kva spørsmål som ikkje kan besvarast med ei slik tilnærming.

Her må skriveføre, klårtenkte og nyanserte personar koma på bana og skriva meir om dei sakene som oftast endre opp i ein kamp om sverta kvarandre sin ideologiske ståstad. Eg tenker på kjønn, humanisme, religion, krig, internasjonale lovar, kriminalitetsstatistikk, folkevandring, og alle andre samfunnsendring som fyrer opp borgarane. Og så må debattredaktørane prioritera dei som klarar å på ein lettfatteleg måte å omtala både problem, moglegheiter, forpliktelsar og moral med respekt for den kompleksitet desse områda er prega av utan å ty til mistankens hermeneutikk.

3) Legg i papirkurven alt blander normative og deskriptive argument

Oftare enn det som godt er, ser vi at påstandar om korleis verda er, blir avviste fordi verkelegheitsbeskrivelsen blir oppfatta som å vera av låg moralsk opphav. Men å forsøka å trumfa deskriptive påstandar med normative motargument er ikkje berre eit logisk mistak. Det er også ei avsporing.

Om nokon t.d. hevdar at ein aukar sjansen for å bli utsett for vald om ein bevegar utandørs i sentrumsnære strok ein laurdags kveld, så er det ein deskriptiv påstand. Den kan vera sann eller usann. At nokon finn dette fornærmande fordi ein burde kunne bevega seg der ein vil, når ein vil, så er det ein normativ påstand. Den seier noko om korleis ting burde vera, og kan ikkje brukast til å avgjera om den fyrste påstanden er sann eller ikkje.

På same vis kan ein ikkje avvisa normative argumenta ved å berre visa til korleis tilhøva faktisk er. “Eg tykkjer me skal kjempa mot fattigdom” kan ikkje avvisast med “Men folk har jo alltid vore fattige”, like lite som “eg er svolten” kan avvisast med “men du har jo nettopp ete”.

Det som er godt er ikkje alltid synonymt med det som er sant. Og det som er sant er ikkje alltid godt. Så her må debattredaktørane vera på vakt i 2016, og kanskje leita opp boka Språk og argumentasjon på januarsalet.

4)Ver på vakt mot personfokuserte motsvar
Eit kjend og respektert namn
kan gi ein tekst eit ekstra lag av truverd, og på same vis kan eit lite respektert namn føra til at lesaren ikkje gidd ta det som står i artikkelen på alvor.

Men eit godt poeng er ikkje avhengig av ein god avsendar, sjølv om dei to ofte er lenka saman. Og eit samfunn der ein blir dømd for den ein er, ikkje det ein faktisk seier, er eit samfunn eg vil tru ingen eigentleg ynskjer seg.

Så kva kan debattredaktørane gjera med dette? Dei kan jo ikkje utan vidare endra vår kritiske lesemåtar. Nei, men dei kan vera merksame på fenomenet, og krevja at innlegg som skal bli publiserte har fokus på sak og ikkje person. Og dei kan kanskje på den måten vera med på skapa eit debattklima der ein kan ha gode poeng uansett kva ein heiter eller kva leir ein kjem frå.

 

5) Synleggjer eiga makt

Håvard Nyhus snakka i Salongen på P2 i førre veke om saker han meinte tek for mykje plass i offentlegheita. Ein må få snakka om kva ein vil, understreka Nyhus, men det er også noko som heiter “vår felles merksemd, og dette er ein avgrensa ressurs”, meinte han.

Men kva veit i eigentleg om korleis debattredaktørane tenker om jobben det er å forvaltar vår felles merksemd, og kva vurderingar som ligg til grunn for utveljinga av dei debattinnlegga og kronikkane som vert publiserte?

Vel vi kan bruka både tekstanalyse og medievitskapleg litteratur (t.d. om nyheitsverdi og redaksjonskulturar) til hjelp, men det er ein tung og lite tilgjengeleg prosess.

Så eg tenker som så: Journalistar vil gjerne ha innsyn i makta sine korridorar, men ser stundom ut å gløyma at det same bør gjelda for den makta dei sjølve forvaltar. Så kva med om debattredaksjonane prøvde ut ei ordning i 2016 der vi får vite kvifor kvart innlegget vart publisert? Det ville gitt oss alle betre grunnlag for å vurdera om vi tykkjer samfunnsoppdraget er godt nok bevart, og ein ekstra sjanse for redaktørane til å vera dette oppdraget bevisst.

Eg tenker at dette, i lag med dei andre fire punkta over, utgjer ei fin fin ynskjeliste for eit betre debattår i 2016. God jul, og god debatt!

 

 

 

Kommenter innlegget