Teori-gullgruver i mediehus og mediebyar

Vi utforskar måtar å kopla teori og praksis i medieopplæringa ved Nordahl Grieg vgs
Vi utforskar måtar å kopla teori og praksis i medieopplæringa ved Nordahl Grieg vgs

Med omlegginga av  Medier og kommunikasjon og opprettinga av Bergen Media City, treng vi å sjå nærare på det store potensialet eit produksjonsorientert mediehus kan  ha for teoretisk forståing

Pokker, dette burde me ha undervist meir om, tenkte eg.

Elevane mine hadde nyleg eksamen, og eit av spørsmåla eksternsensor ville ha svar på var «kva er ein redaktør sin funksjon ?». Me har ikkje brukt nemneverdig mykje tid på å snakka om ulike funksjonar i ein redaksjon, og eg tenkte at «no må eg bryta inn og forklare våre faglege prioriteringar, slik at  ikkje elevane dummar seg ut».

Men elevane svarte godt på spørsmålet dei!

«Redakøren er ein som har det overordna ansvaret for det journalistisk innhaldet». Ja ja, svaret får kanskje ikkje fram alle nynsane som er nedfelt i Redaktørplakaten, men essensen er der, og sensor verka nøgd.

Så kvifor kunne alle svara på dette, som me knapt har brukt tid på, medan pressens samfunnsoppdrag, som me har messa i timevis om, var det berre einskilde som hadde oppfatta riktig? Omgrepa har klart ulik grad av kompleksitet, og det finnes nok ikkje berre eitt svart på dette. Men eg trur likevel ein finn eit sannsynleg svar ved å sjå på korleis me har jobba med teori gjennom praksis.

Større relevans
Elevane har nemleg ikkje lært om redaktørfunksjonen, men dei har opplevd redaktørfunksjonen gjennom praksis, t.d. i nettavisa vår NGVmedia. Her har elevane sjølve fått vera redaktørar, observert andre elevar få redaktøransvaret, eller måtta forholda seg til ein lærar i redaktørrolla.På denne måten har elevane fått innsikt i ein veletablert diskurs som ikkje berre er verdifull i praktisk arbeid, men som også kan danna eit meir informert grunnlag for kritisk refleksjon. Eg trur ein slik metode kan nyttast oftare, om me er medvitne om bruken.

Etiske regelverk, modellar, teoriar. Slikt stoff blir gjerne «ting me kan noko om», men som har marginal relevans for praktisk arbeid. Me underviser i det på tavla, lagar artige hugsereglar og ber elevane bruka dei i analysar og i name-dropping på eksamen. Misforstå meg rett. Det er ikkje slik at praktisk kompetanse må stå som den viktigaste målsettinga, og at teori har liten egenverdi. Habermas sine teoriar om offentlegheit kan t.d. ikkje erfarast slik redaktørfunksjonen kan. Men det er eit metodepotensiale her som bør granskast grundigare.

For kan ein ikkje bryta oppfatninga om at teori og praktiske medieproduksjon må vera to ulike emne? At teorien må isolerast frå praksis, og at ein som pedagog må jobba på ulike måtar med teoretiske og praktiske ferdigheiter? Blir ikkje dei teoretiske perspektiva like interessante som ein del av ein kritisk medieproduksjon som ein del av kritisk medieresepsjon? Jo, kanskje dei blir det!

Mediehus vs skulehus
På medielinja ved Nordahl Grieg vgs forsøker me å fungera mest mogleg som eit mediehus, med målsetjing om at dei ulike prosjekta våre skal publiserast og promoterast mot eit reelt publikum – ikkje berre mot ein lærar som skal setja ein karakter.

Ideen om å operera som eit mediehus, og ikkje berre kalla oss ein skule, er spanande. Ikkje berre fordi det tvingar oss til å tenka annleis pedagogisk, og til å vera meir aktuelle, relevante og synlege.  Men også fordi det nettopp opnar for nye innfallsvinklar til å læra teori, om ein bruker det medvite slik.
For dette kjem ikkje nødvendigvis lett.

Lars Nyre åtvarar
Som medievitar kjenner også eg på den typen bekymringar professor Lars Nyre nyleg presenterte i sin kritikk av storsatsinga Media City Bergen. Når ein tilpassar seg den raske, praktiske og kortsiktige tenkinga som krevst av eit publiserande mediehus, kan det vera fare for at den «teoretisk, sakte og langsiktig tenking» vert “dytta inn i eit hjørne”, for å bruka Nyre sine ord.

Eg deler likevel ikkje Nyre sin bekymrande konklusjon. Korkje overført til oss eller om Mediebyen.

Eg trur tvert om at elevar og stundentar kan skapa seg eit omgrepsapparat og ein erfaringsbakgrunn gjennom praktisk arbeid som kan danna eit type grunnlag for kritisk refleksjon ein vanskeleg kan få andre stader. Det tyder ikkje at ein skal nedprirotera teori, eller omgjera teoretiske studie til praktiske fag. Slett ikkje! Men ein må kanskje  tenka meir på korleis praktisk erfaring kan gi større forståing for, og innsikt i, den røynda teorien skal kasta eit opplysande og kritisk lys over. Og sjølvsagt også omvendt: korleis teoretisk kunnskap  kan gi meir solide, kritiske og  reflekterte  produksjonar. I ei tid med opprusting av kommunikasjonsbransjen og nedgangstider for journalistikken er det ekstra viktig at morgondagens utdanna befolkning både les og lagar medier med ei solid og heilskapleg forståing.

Eigne mistak
Eg var sjølv så heldig at eg fekk jobba som journalist i Sogn Avis kvar sommar medan eg tok mastergrad i medievitskap ved Universitet i Bergen. Det å lesa professor Martin Eide sitt essay om  journalistiske mistak om hausten, for så å sjølv gjera eit slikt misstak om sommaren, gav med djupare forståing av både medievitskapen og den praktiske journalistikken.

Kan ein ikkje legga til rette for fleire slike erfaringar, nettopp ved å jobba i eit mediehus – både i  vgs og i høgare utdanning?

 

Denne artikkelen vart også publisert på BT.no

 

Ein tanke på “Teori-gullgruver i mediehus og mediebyar

Kommenter innlegget