Det fruktbare sjokket del 2: Elevar og lærarar grublar om motivasjon

«Alle hadde så stor tillit til oss og var sikker på at vi ville gjøre en god jobb. Det fikk i alle fall meg til å ville prestere best mulig»

Elevane var også med på planlegginga av produksjonen. Her frå dagen før konferansen, i rommet som skulle bli TV-studio.
Elevane var også med på planlegginga av produksjonen. Her frå dagen før konferansen, i rommet som skulle bli TV-studio.

Sitatet er henta fra ein Facebook-samtale med elevane der eg spurte kva det var med oppdraget vårt på Veftet som var så motiverande.

Dette blogginnlegget tek utgangspunkt i elevane sine svar, og seier på same tid noko om kva type betrakningar det er snakk om.

Ansvar og tillit
Det fyrste me skal legga merke til er at elevane sette pris på at oppdraget var avhengig av deira deltaking. Og at dei sette pris på at vi som lærarar lot dei både ta, og vera med på å ta, både store og små avgjersler.

– Alle hadde så stor tillit til oss og var sikker på at vi ville gjøre en god jobb. Det fikk i alle fall meg til å ville prestere best mulig, forklarar Mathilde Oseberg

– Jeg er helt enig i dette med tilliten. Folk fikk liksom gjøre det de ville. Kamera, lyd, foto og så videre, legg Katharina Olsen til.

Olsen seier at dei måtte prestera ekstra godt denne gongen sidan dette ikkje var «bare en skoleoppgave», men noko som også andre skulle bruka og sjå.

– Vi hadde den største medieproduksjonen på konferansen. Vi dekket alt, seier ho.

Med heile vegen
Som eg har skrive om i del 1 av denne mini-bloggserien, var sjølvstendig og kritisk tenking ein viktig del av dette arbeidet. Og når elevane bruker ordet tillit så handlar det om at dei fekk erfara at deira argument og vurderingar var viktige for korleis det endelege resultatet vart sjåande ut.

Her kan vi sjå kva Lovise seier mellom utstyrsbæring og locationjakt.

Elevane sine metarefleksjonar er interessante. Og dei får meg til undra: kvifor skjer dette fyrst no? Vi ber dei stadig om å vera meir sjølvstendige og deltakande i si eiga læring, og moglegheita er der jo også i den ordinære skulekvardagen. Men her snakkar dei om tillit som om det var noko nytt.

Ein av grunnane til dette kan vera eit opplevd misforhold mellom oppmodinga om å ta sjølvstendige val og det faktum at det til slutt er læraren som sit med «fasiten» når han eller ho skal setja ein karakter. Det kan også tenkjast at det er fyrst når definisjonsmakta vedrørande spørsmålet om kvalitet er fordelt mellom produsenten og publikum at poenget med å ta sjølvstendig val vert klart.

Det er også sannsynleg at forventingar frå ein tredjepart (i dette tilfellet IKT-senteret og publikum) gjorde at elevane gjekk inn i ei proffesjonalitetsrolle der val og vurderingar vart ein sjølvsagt del av jobben. 

Plutseleg var dei ekspertar
Når det gjeld tillit peiker også studenten vi hadde med oss, Cecilie Eikås Nygård, på at ein situasjon der elevane må ta sjølvstendig val, også kan føra til meistring.

– Eg trur det er veldig motiverande for elevane å oppleve at ein ikkje treng å vere ekspert for å meistre situasjonar, forklarar Nygård.

– Dei kastar seg ut i ting dei ikkje har full kontroll på, og blir ekspertar i løpet av ein liten time.

Nygår understrekar at ein kunne fått motsatt ressultat, og at det å jobba med det ukjende og vrine kunne ha vore demotiverande. Men slik var det altså ikkje denne gongen, og Nygård trur ho veit kvifor.

– Eg trur dei oppdaga kor mykje dei eigentleg kunne. Og det merkar ein jo ikkje før ein blir kasta ut i det, seier ho.

Meiningsfullt oppdrag
Eit anna aspekt elevane trekte fram som motiverande, var at sjølve arbeidsoppgåva vart opplevd som meiningsfull.

Katharina Olsen er inne på det når ho snakkar om at oppdraget var meir enn «bare en skoleoppgave». Men også andre elevar seier noko av det same.

– Vi fikk gjøre ting på en annen måte enn vi pleier, bare denne gangen under mer press, meiner Lovise Meltzer Rygh.

– Vi var på en måte «ute i felten» og praktiserte det vi har lært i to og et halvt år. Jeg tror det ga en del motivasjon, legg Kasper F. Unneland til.

Vi flyttar klasserommet ut av skulen
Unneland sin kommentar er det verdt å dvela litt ved, fordi han skil mellom det som skjer i felten og det som skjer på skulen. Men «i felten» handlar ikkje her om ein utplasserings- eller praksisplass, men berre om at vi har flytta klasserommet ut av skulen. Lærarane var nemleg dei same, og praktiske medieproduksjonsoppgåver har elevane hatt heilt sidan fyrste termin på vg1.

Likevel meiner elevane altså at skifte av location var viktig.

– Vi fikk lov til å gjøre noe annet enn å sitte på skolen. Og jeg tror det hjelper veldig på motivasjonen å prøve noe nytt og annerledes, seier Elfur Helgadottir, og peiker med det på noko viktig.

(teksten held fram under biletet)

For det å flytta klasserommet ut av skulen har ikkje berre følgjer for kvar ein jobber, korleis ein jobbar eller kva type oppdrag ein får. Det har også nokre fysiske og strukturelle følgjer.

Vi et og stressar saman
Til dømes sat vi alle rundt det same bordet og jobba. Lærarar og elevar i lag. Vi hadde fått vårt eige rom som berre var redaksjonslokale, og vi fekk i servert lunsj, eplekake og bollar med jamne mellomrom. Og i kjøleskåpet var det brus vi kunne forsyna oss av.

Det høyres kanskje litt snålt ut å vektlegga slike faktorar, men det er ingen grunn til å le. For vi som var tilstades såg korleis maten og brusen også hadde ein veldig viktig sosial funksjon.

Vi jobba i lag, vi åt i lag, vi stressa i lag og vi slappa av i lag. I tillegg understreka bollane og brusen at dette var noko meir enn «bare en skoleoppgave», for å bruka Olsen sine ord igjen.

Og som ein av elevane skreiv på Facebook då eg spurde om kvifor opplegget hadde vore motiverande:

– Gratis mat.

Kommenter innlegget