Miniputt-forskning

Vi har sett vgs-elevane våre i gang med empirisk forsking. Var det lurt av oss?

MK vg3 driv empirisk forsking på miniputt-nivå.
MK VG3 jobbar med emnet media og minoritetar og skal sjølv henta inn og tolka relevant data.

Medieelevane på VG3 er i gang med eit prosjekt der dei får eit fyrste møte med sjølvstendig, empirisk forsking. Eg har valt å kalla det «miniputt-forsking» fordi det, i likskap med miniputt-fotballen, gir varsam, utprøvande fyrstegongserfaring med det aktuelle feltet – i vårt tilfelle, medievitskap.

Elevane har fått i oppgåve å undersøka korleis ulike grupper, gjerne minoritetar, vert framstilte i media. Bakgrunnen er eit kompetansemål i faget Mediekommunikasjon som ber elevane drøfta nettopp ei slik problemstilling, og me tenkte at dette skal dei få finna ut av på eiga hand. Prosjektet er praktisk-teoretisk, nokon eg tidlegare har argumentert for verdien av. Men i dette blogginnlegget skal eg konsentrere meg om den teoretiske biten.

Ein kan naturlegvis hevda at det ikkje trengst meir forsking på spørsmålet om medium og minoritetar. Det er t.d. grundig dokumentert at innvandrarar vert framstilt som eit problem, meir enn som ein ressurs, i media. Men temaet media og minoritetar  er meir enn eit spørsmål om media og innvandring. Og sjølv om det truleg har blitt gjort empiriske studie om mediedekninga av ei rekkje andre grupper også, bør det alltid vera rom meir.

Eit viktig oppdrag
Det viktigaste grunnen til å gjera undervisninga på dette området til forskingsprosjekt, og ikkje ein politisk tordentale (som eg ser føre meg at det fort kan bli), handlar likevel ikkje om mangel på empiri. Det handlar om å ta på alvor den delen av læraroppdraget som handlar om å fostra kritiske, analytiske og kunnskapssøkande elevar. Me på Nordahl Grieg vgs har dessutan definert forsking som ei viktig målsetjing, og presierer i vår utviklingsplan at elevane skal prøva ut forskingsmetodikk i sitt arbeid.

Det siste året på Medium og kommunikasjon er jo også eit studiespesialiserande år. Det tyder mellom anna at skuleåret skal førebu elevane på det dei møter i høgare utdanning. Eg ser før meg at ein light-versjon av empirisk forsking (miniputt-forsking) i vidaregåande skule kan ha positive ringverknader seinare. Ja, kanskje nokre av desse elevane vil finna vitskapsteori litt meir forståeleg og nyttig etter eit slikt prosjekt?

Meir enn tekstanalyse
Så kva er det eigentleg som ligg i vår miniputtversjon av empirisk forsking?  Vel, den har både eit kvantitativt og eit kvalitativt element. Det kvantitative blir aktualisert gjennom spørsmål som «i kor mange artiklar i løpet av eit år, har ordet homofil/polakk/stril etc – alt etter kva gruppe ein har fokusert på – blitt brukt?» Dette for å finna ut i kva grad gruppa ein har valt er journalistisk interessant. Deretter brukar me kvalitativ metode, i form av tekstanalyse, til å studera sjanger, vinkling og språkbruk. Altså svar på spørsmålet om «korleis blir denne gruppa framtilt i media?» Eit sentralt spørsmål i denne fasen er om artiklane som innheld ordet ein søker på, faktisk handlar om den gruppa ein har vald, eller om ordet vert brukt i ein anna samanheng.

Det som skil dette prosjeket frå tidlegare oppgåver der eg har bede elevane om analysera gitte tekstar (som jo forsåvidt er forsking det også), er at her er ikkje tekstane gitte. Tvert om er det elevane sjølve som må finna tekstane som skal analyserast, ved å bruka det digitale nyheistarkivet A-tekst, samt NRK sine nettsider.

Når funna så skal tolkast forventar me at elevane trekk inn teoristoff og mediekunne som dei har jobba med mange gonger før. Her tenker me på nyheitskriterier, personifiseringstendensen, ulike mediemaktsomgrep m.m.. Funna skal presenterast i det me har kalla ein multimedia-produksjon (jamfør BTs Vestlendingen eller tidlegare elevprosjekt), som også skal inneholda i eit intervju med ein representant for den valde gruppa/minoriteten. Eg kjem til å dela nokre tankar og ferdige produkt her, når prosjektet er over.

Tynt, men viktig
Vil elevane ha eit generaliseringsgrunnlag etter dette arbeidet? Neppe. Me har ikkje introdusert systemet for systematisk sortering (som t.d ei konstruert avisveke), bede om eit visst tal artiklar eller på anna måte forsøkt å røra oss mot eit akademisk nivå. Det er ikkje det dette handlar om, tenker eg. Det handlar heller om å sette døra mot akademia litt på gløtt, og kika varsamt inn. Å presentera alt som rører seg der inne, er ikkje min jobb. Men det er min jobb å gjera dei førbudde til å trø over karmen.

Faren med slikt prosjekt er jo at ein framstiller forsking som noko lettvint, kjapt og tilfeldig. Eg har i eit tidlegare blogginnlegg argumentert for at praksis og teori bør høyra saman i ei god medieopplæring, men at ein legitim kritikk er at den raske og kortsikte medielogikken går på bekostning av forskinga – som er treig og langsiktig. Ein liknande kritikk kan rettast mot dette prosjektet. Dersom elevane får eit inntrykk av at forsking er å rota rundt i A-tekst, har me hamna på villspor. Samstundes kan ein jo utnytta miniputt-forsking til å nettopp ta opp metodiske dilemma som t.d. val av søkeord i A-tekst, tolkning av data, og ikkje minst dette med generaliserbarheit.

Kva meiner du om å introdusera forsking som metode i vgs? Legg gjerne igjen ein kommentar!

Kommenter innlegget