Det har vore mykje diskusjon om eksamensoppgåva på sentralgitt Mediesamfunnet 3-eksamen, og medan noko kritikk er både legitim og forståeleg, kan andre kommentarar få ein til å lure på om ein del lærarar eigentleg ikkje liker faget sitt.
Den hyppigaste kritikken ser ut til å vera at det ikkje var ei oppgåve som handla om å planlegga av medieprodukt. Har ein brukt prøveeksamen som utgangspunkt for forventningane til eksamen er det forståeleg at ein vert litt forvirra. Men om ein i staden ser på læreplanen, burde det ikkje vera overraskande i det heile. Planlegging av ein produksjon er nemleg berre ei stor greie i Medieuttrykk 3, med fleire kompetansemål som gir rom for eit slikt fokus. I Mediesamfunnet 3 finnes ikkje noko slikt. Det står rett nok eit produksjonsmål der, men vurdert i lag med dei andre kompetansemåla kan dette vanskeleg tolkast som at planlegging er eit mål i seg sjølv.
Ein annan kritikk er at val av oppgåver får eksamen til å likne meir ein norskeksamen enn ein medieeksamen. Som ein kollega og norsklærar så fint formulerte det: det er objektivt feil. Ja, norskfaget har fokus på skriving, men ein skriv også i andre fag. Akkurat som det å rekne er sentralt i fleire fag enn mattematikk. Ein kunne sjølvsagt hevda at det å skrive ein drøftande tekst er mest eit norskfagleg prosjekt, men då ser ein berre form og ikkje innhald. Eksamensoppgåvene handlar i fremste rekkje om å seie noko om uklare skiljelinjer mellom ulike medieuttrykk og mediebransjar, og om fragmentert mediebruk sine konsekvensar for samfunnet. Altså om media og mediesamfunnet. Tekst er berre pakken det kjem i. Og ordet “drøfte” er nemnd heile sju gonger i læreplanen, så å seie at ei oppgåve som ber om drøfting ikkje høyrer heime i dette faget vitnar berre om at ein ikkje kjenner faget godt nok.
Eg forstår likevel at det å be konkret om eit “debattinnlegg” kan oppfattast som uheldig.
Og det var kanskje det. Eg meiner oppgåva legge opp til vid tolking av debattinnleggsomgrepet, men eg forstår at elevar som ikkje har jobba med dette kan føla seg litt rådville når ei slik oppgåve dukkar opp, og vi lærarar vil jo det beste for elevane. Heldigvis skal karakterane setjast etter at ei tolking laga av alle involverte sensorar, så om det er semje om å ikkje vektlegga sjangerkrav når ein vurderer debattoppgåva, så vert det heller ikkje vektlagd.
Verre er det med
kritikken om at berre eit fåtal skriveføre elevar handterer
desse eksamensoppgåvene. For det fyrste veit vi ikkje om det er sant før vi har
vurdert svara. For det andre manglar eit slikt skilje hald i røynda – for det
er ikkje slik at alle som er teoritisk sterke er praktisk svake, og omvendt. Og
for det tredje: kva så om oppgåva passer nokre elevar betre enn andre? Eg har
elevar som tykkje Medieuttrykk er topp, medan Mediesamfunnet er keisamt. Og så
har eg elevar som tykkjer det motsette. At dei elevane som liker å drøfte og
analysere mediefaglege spørsmål skal få sjans til å få oppgåver som treff også
dei éin gong i løpet av tre år, i éit fag av ei rekke mediefag, bør korkje vera
problematisk eller kontroversielt. Dessverre er det for ein del medialærarar
begge deler.
Her vil nok ein del innvende at alle andre fag er lese og skrivefag
(ofte kalla “teoretiske”) og at vi bør holde på dei praktiske faga praktiske.
Men det gjer vi. Mediesamfunnet har praktisk eksamen på alle trinn.
Medieuttrykk har praktisk eksamen på alle trinn. Dei valfrie programfaga har
praktisk eksamen. Det er éin skriftleg eksamen, og det er i Mediesamfunnet,
tredje året. Kva som er rett når det gjeld å balansera lese/skrive med meir
aktive oppgåver kan ikkje eg svara på, men om det vert skapt eit bilete av at
berre nokre få medieelevar handterer drøfting og analyse, og at Mediesamfunnet gjer
heile mediefaget teoretisk så må det korrigerast. For det stemmer berre ikkje.
Ein del av denne praktisk vs teoretisk bygger også på ei feilaktig oppfatning av kva teori er. Teori er ikkje det same som å skriva. Teori er nemlig ikkje ein arbeidsmetode. Teori er verktøy ein kan bruka både til å løysa konkrete praktiske problem med, eller til forstå meir abstrakte fenomen.
Teori kan vera forklaringa på kvifor nokre fargar ser ut til fungerer godt i lag, medan andre fargar ikkje gjer det. Teori kan også vera forklaringar på korleis eit biletet eller ein plakat vert lesen, og på den måten vera eit nyttig verktøy for ein designar. Begge deler er ting ein fremste rekkje syslar med i Medieuttrykk. Nokre meiner “samfunnsfagleg” når dei seier teori. Andre meiner lesing og skriving nå dei seier teori. Men kritikken blir vanskeleg å forholde seg til om ein ikkje er presis i ordbruken.
Eg skal likevel vera sympatisk i tolkinga mi og legga til at eg forstå at det folk meiner er at elevane må gjera andre ting enn berre å skriva analysar. Og det er eg samd i. Mine elevar har t.d. laga podcastar, TV-sendingar og debattartiklar der dei drøfter mediesamfunnsfaglege problemstillingar. Korleis ein jobbar med, og vurderer, elevane si innsikt i og refleksjon kring problemstillingar i mediesamfunnet er opp til kvar einskild lærar. At ein av desse arbeideformene er skriva tekstar bør ikkje vera problematisk. Og det viktig å minne om at eksamen har ei praktisk oppgåve i starten: skrive debattinnlegg.
Om ein usamd i at det er praktisk kan ein spørja kommentatorar i avisene om dei fremste rekkje sysler med teori. Eg trur dei vil svare nei.
Ein skulle tru det ikkje var naudsynt å minne om det, men Mediesamfunnet 3 er ikkje det same som Medieutrykk 3. Sistnemnde har godt og grundig fokus på planlegging og produksjon av ulike medieprodukt, medan fyrstnemnde har fokus på den røynda medieprodukt inngår i (altså medieSamfunnet).
Slik komplimenterer faga kvarandre, og samla sett gir dei eleven innsikt som både er nyttig for å kunne utrykke seg, men også for å forstå det samfunnet alle desse uttrykk eksisterer i. Om ein insiterer på at begge faga skal ha hovudfokus på planlegging og produksjon går ein glipp av det store bilete, med tilhøyrande kritisk og analytisk lesetrening – som jo er deler av grunnen til at vi det heile har mediefag i skulen.
Det er trist, men sjølvsgat heilt legitimt at ein som medialærar ikkje tykkjer noko om faget Mediesamfunnet. Men
om ein underviser i Mediesamfunnet og tykkjer at det å drøfte og analysere er
tøvete, og om ein verkeleg trur at spørsmål om retorikk, offentlegheit,
journalistikk og ytringsfridom berre høyrer heime i norskfaget så bør gå ein
runde med seg sjølv, og lese læreplanen ein gong til.
Der er viktig og riktig med ei kritisk evaluering av eksamen, med ein tilhøyrande diskusjon. Men kritikken og diskusjonen må ta utgangspunktet i at faget sin eigenart er verdifull. Ikkje at faget helst skulle vore eit heilt anna fag.
Tiltredes!