Eit forsvar for nyanse og balanse

Er det ei feilslutning å hevda at me må velga mellom å enten ta stilling i viktige saker eller å bli informerte og opplyste om kompleksiteten i desse sakene?

Ein kveld for to omlag veker-sidan dukka det opp eit skremmande sint innlegg i neews-feeden på Facebook:

«Det er NYANSER som gjør at Gaza opplever denne jævlige ondskapen for tredje gang. Det er NYANSER som gjør at blokaden av Gaza opprettholdes. Det er NYANSER som gjør at muren på Vestbredden står. Det er NYANSER som gjør at det bygges israelske bosettinger på palestinsk land. Det er NYANSER som gjør at en hel generasjon med barn vokser opp med traumer vi ikke engang har ord for.»

(Utdrag frå ein lengre tekst. Uthevingane er ein del av innlegget).

Problemet var ikkje berre drøya genraliseringar og ei urovekkande haldning til viktige prinsipp. Problemet var det vart delt og lika, som om det var eit bra innlegg.

Nokre dagar seinare argumenterte ein FB-ven av meg noko tilsvarande, om enn langt meir sakleg formulert. Han fekk rimeleg mykje støtte for sin argumentasjon.

Balanse er farlig
Vidare har eg observert på Twitter dei siste dagane meldingar som også formidlar at balanse og nyanse er destruktive saker. No siste i meldinga «Ja, han er god. Jøde også. Så da får dere «balansen» som skal til for å forsvare drapstallene» (meldinga vart posta i ein pågåande diskusjon om journlaistisk Mads Gilbert-kritikk).

«Balansen som skal til for å forsvare drapstallene». Really? Vil folk verkeleg laga fiendar av balanse og nyanse? Eller er det berre ein klønte formulert personkritikk mot oss som ynskjer balanse og nyanse? Uansett. Når så mange personar ser det som ein del av ein fredskapingsprosess å gå til denne typen åtak, er det naudsynt med ei pressisering av kva som eigentleg ligg i omgrepa balanse og nyanse, kva verdi prinsippa har, og å få avklart nokre misoppfatningar.

Misforståtte omgrep
I kontrast til kva einskilde ser ut til å tru, tyder ikkje balanse at ein skal framstilla to parter heilt likt. Det handler i staden om å la ulike, som oftast motstridande, syn koma til uttrykk.

Det er med andre ord ikkje slik at dersom pressa rapportera om Israel sine omfattande og grufulle handlingar, så må dei leita etter like omfattande og grufulle handlingar frå Hamas. Det tyder derimot at dersom myndigheitene i Israel meiner dei kan argumentera for sine krigshandlingar, så skal dei få sjansen til det – uavhengig av om resten av verda finn argumentasjonen human eller truverdig. Og dette er viktig, for det handlar om å forstå kva motparten faktisk meiner.  Og så skal jo sjølvsagt journalistane driva sjølvstendig, kritisk kjeldearbeid og eventuelt avsløra om det er hald i Israel sin argumenatsjon. Og vidare så handler det om at når Hamas skyt rakkterra mot Israel så skal ein rapportera og setja kritisk søkelys på dette også.

Og her kjem nyansane inn.

For nyansar tyder ikkje at ein ikkje kan vera tydeleg. Nyanser tyder at ein tek med dei små opplysningane som får fram den kompleksiteten som faktisk pregar slike konflikter (igjen, uavhengig av om ein sjølv finn dei krigande sine synspunkt moralsk legitime).

Det at den eine parten i I/P-konflikten er stor og sterk, medan den andre er liten og svak, ser eg på som nettopp ein nyanse. Det at den eine drep hundrevis, medan den andre gjer relativt sett liten skade, ser eg også på som ein nyanse. Det at den eine er eit demorkati med ein pågåande, intern kritiske debatt, medan den andre er eit religiøs vannstyre, er ein tredje nyanse. Det å fortelja at Hamas er ein krigshissande organisasjon i tillegg til å vera eit offer, er ein fjerde nyanse. Og slik kan ein halda fram. (sjå denne kronikken for lengre utgreiing))

At nyansar gjer bodskapen mindre bombastisk, ja det er riktig. Men ynskjer me verkeleg ei nyheitsdekning som bryt med sentrale journalistisk prisnipp fordi folk på Facebook og Twitter har sagt at i dette tifellet er prisnippa teite?

Presseprinsipp
I journalistikken er balanse og perspektivrikdom nemleg viktige prinsipp av ein grunn. Heile fenomenet med å presentera ulike meiningar og perspektiv – rett nok i ein kritisk kontekst – er sentrale trekk ved moderne presse, og noko som gjer den til noko anna enn kampanjeblekker for bestemte organisajonar. Jamfør den pressehistoriske oppløysinga av partipressa. Dette har samanheng med truverda til jorunalistikken, som igjen må sjåast i samanheng med det faktum at: «Ytringsfrihet, informasjonsfrihet og trykkefrihet er grunnelementer i et demokrati. En fri, uavhengig presse er blant de viktigste institusjoner i demokratiske samfunn.» (VVP, punkt 1.1)

Det er her også nemneverdig at heile fire punkt i Ver Varsom-plakaten handler om å sleppa til ulike synspunkt (3.2 handler mellom anna om breidde i kjeldeutval, 4.14 om samtidig imøtegåelse, 4.15 om tilsvarsretten), der eit av dei (punkt 1.2) er av ein overordna art: «1.2 Pressen ivaretar viktige oppgaver som informasjon, debatt og samfunnskritikk. Pressen har et spesielt ansvar for at ulike syn kommer til uttrykk.«

Objektivitetskritikk
No er det rett nok eit poeng i kritikken av objektivitetsidealet at ei for strikt tolking av saklegheits- og balansekravet kan føra til at viktige poeng forsvinn. Det har også blitt hevda at syn som er breitt aksepterte og synlege ikkje alltid skal trenga seg fram med balansekravet i handa.

Og berre så det også er sagt: Eg tykkjer norske medier dekker den aktuelle konflikten på ein balansert måte. Eg får kjennskap til dei ulike sidene, sjølv om eg tidvis må innnom fleire kanalar for å få eit meir heilskaplege bilete.. Men så kan ein då heller ikkje forventa å bli Midtausten-ekspert av å lesa aviser eller sjå på TV. Og det er heller ikkje meininga. Det er journalistikk me snakkar om, ikkje eit høgskule- eller universitetsfag.

At mer ser ein tendens til at fleire publikumarar etterlyser meir dybde og balanse, og føler at viktige perspektiv forsvinn, skal me likevel ta på alvor.. Men det vil tydelegvis ikkje dei «nyanseresistente» (som dei litt sarkatisk  har blitt kalla) vera med på.

Dei vil hevda at konflikten er så brutal no at eit fokus på dybde og refleksjon blir heilt feil: «Det viktige no er ikkje å få til ein informet debatt. Det viktige er å stogga drap på born og sivile», hevdar dei mest moderate av dei. Dvs dei som ikkje seier at “Det er NYANSER som gjør at Gaza opplever denne jævlige ondskapen for tredje gang” eller at “Så da får dere «balansen» som skal til for å forsvare drapstallene».

Nyanseresistens
At det akkurat no er viktig å stogga drap på born og sivile, er eit godt poeng. At det ikkje er viktig med ein informert debatt derimot, er både naivt og skummelt. Kvifor? Jo, tenkt om situasjonen hadde vore annleis. Om det norske ordskiftet var prega av blind Israel-støtte, og alle som bad om å få høyra Palestinaren si side av saken vart avvist med at «det viktigaste no er ikkje balanse. Det viktigaste no er å stogga terroristorganisasjonen Hamas». Difor.

Ja då, dette er enkel retorikk frå mi side. Men det er faktisk ein prisnippdebatt dette, og ein kan ikkje  framstilla balanse og nyanse som to onder utan å ta stilling til kosekvensen av å fjerna dei.

Men så vil eg pressisera: Det er  beundrinsgverdig det voldsomme engasjementet for løysa I/P-konflikten. Både dei som engasjerer seg i sosiale medier og dei som reiser til Gaza for å betre tilhøva, om det er legar, journalistar eller politkarar. Alle gjer ein viktig jobb. Men ein gjer ikkje tilhøva betre i Gaza ved å konstruera nye fiendar i Noreg.

Så eg må få spørja dei som meiner nyanser og balanse berre er vås:

Kan ein ikkje engasjera seg i fredsarbeid utan å skriva sinte Facebook-statusar?

Kan ein ikkje engasjera seg i fredsarbeid samstundes som ein tek avstand frå sinte Facebook-statusar?

Kan ei ikkje vera både sakleg infomert óg brennande engasjert?

Kan ein ikkje både vera mot drap på sivile óg for ein mest moglge objektivitetsorientert journalistikk?

Kan ein ikkje handtera to debattar samstundes – ein om krig og ein anna om journalistikk?

Kan ein ikkje vera kristiske til Israel som drapsmaksin samstundes som ein vert kritisk informert om Hamas sin terror?

Kan ein ikkje sjå konlikten frå fleire perspektiv og samstundes arbeida for fred?

Kan ein verkeleg ikkje to tankar i hovudet samstundes?

Spør du meg så svara eg jo, det kan ein. Heldigvis. Men i bentente saker blir ofte ynskje om ein nyanserte diskusjonar oppfatta som støtte til ein av partane. Det er ei feilslutning. For det er to utfordringar me har i desse dagar: Å få til langvarig slutt på okkupasjonen og konfliktane i Gaza, og å ikkje missa balansen på vegen.

 

Kommenter innlegget